Rekordstor tildeling til satsing på kunstig intelligens i Volda
Sparebanken Møre gir 4,2 millionar til etablering av eit KI-samarbeid ved Høgskulen i Volda – den største private tildelinga høgskulen har fått til forsking nokosinne.
Dette blei presentert på ein pressekonferanse på Høgskulen i Volda (HVO) torsdag ettermiddag, der Sparebanken Møre kunngjorde totalt 10,2 millionar kroner i støtte til prosjekt ved HVO og i Aasenkvartalet – den regionale storsatsinga knytt til høgskuleområdet i Volda.
Banken støtter også etablering av eit såkalla Newton-rom (høgteknologisk klasserom) med 5 millionar kroner og kultur- og konferansescene med 1 million kroner, begge i utviklingsprosjektet Aasenkvartalet.
Volda-ordførar Sølvi Dimmen er svært takksam for engasjementet frå banken i å realisere Aasenkvartalet.
– Eg er sikker på at dette prosjektet vil styrkje Volda sin posisjon som ein leiande aktør innan innovasjon, utdanning og kultur på Sunnmøre, seier Dimmen.
Solid støtte til at HVO kan drive framtidsretta forsking
Høgskulen i Volda er samarbeidspartnar i to søknader til ei stor utlysing frå Noregs forskingsråd (NFR) der dei skal støtte fire til seks nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens (KI).
Som del av denne satsinga i Volda vil Sparebanken Møre bidra med 4,2 millionar kroner til ei stipendiatstilling ved HVO knytt til ein av søknadene. I denne sentersøknaden er HVO og mellom andre Volda kommune med på prosjektet med leiande KI-institusjonar i Noreg, med Universitetet i Oslo, Norsk Regnesentral og SINTEF i spissen.
Prosjektet heiter «TRUST – Det norske senteret for truverdig KI». KI-senteret vil vere eit oppdragsorientert forskingssenter som utviklar ny KI-teknologi, studerer korleis teknologiane kan verte tilpassa behova i samfunnet, og undersøkjer dei samfunnsmessige konsekvensane av KI. Hovudmålet er å utvikle pålitelege KI-system og tilhøyrande styringssystem.
Mange vil bli nasjonalt KI-senter – HVO er med på to store søknader
HVO-forskingssjef Henriette Hafsaas møter nyheita om pengar til KI-forsking med eit stort smil.
– Vi er svært takksame for satsinga til Sparebanken Møre på kunstig intelligens og naturfagkompetanse, og vi ser fram til meir samarbeid i regionen.
NFR melder om enorm interesse for KI-utlysinga. TRUST-prosjektet stiller med ein omfattande søknad: mellom anna forplikting frå 18 nasjonale forskingspartnarar, 12 internasjonale forskingspartnarar og 44 brukarpartnarar og dessutan over 150 forskarar og 35 nye ph.d.-stipendiatar. Frå HVO er fire forskarar med: Siv Gamlem, Andreas Brandsæter, Runar Lie Berge og Kjetil Vaage Øie.
Den andre KI-sentersøknaden HVO er del av, «Digital Learning Communities AI Centre», har Universitet i Bergen i spissen ved Rune Krumsvik, som også er professor 2 ved HVO. Forskarar frå HVO her er Kjetil Høydal og Øyvind Arne Høydal. Dette prosjektet har 26 samarbeidspartnarar innan internasjonal forsking og eit stort samarbeid med brukarpartnarar og nettverk. Forskingsmiljøet bak søknaden vil byggje vidare på KI-forskinga dei har drive med i ti år innan læring, forskarutdanning og psykisk helse innan utdanning og helsesektoren.
Forskingssjef Hafsaas fortel at KI vil spele ei avgjerande rolle på mange samfunnsområde framover, og at det er viktig for HVO å utvikle meir kompetanse innan KI og ta dette med inn i utdanningane i Volda.
– Vi vil forske på samfunnskonsekvensane av KI og finne ut korleis vi kan nytte teknologien på ein best mogleg måte saman med partnarane våre. I dagens globale konkurranse i utviklinga av KI-teknologi er det viktig for oss å vere med på eit senter som vil gi truverdig, trygg og berekraftig KI, og støtta frå Sparebanken Møre blir viktig for å realisere TRUST-prosjektet, dersom vi får tilslag, seier Hafsaas, som håpar på grønt lys for begge KI-sentersøknadene HVO er med på.
Gir millionar for å styrkje høgskulen som samfunnsaktør
Frå Sparebanken Møre var det Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv på Søre Sunnmøre, som kom med gladnyheita 10,2 millionar i støtte til å utvikle Aasenkvartalet.
Hamre kunne fortelje meir om kvifor Sparebanken Møre ei stund sidan gjekk inn for å støtte KI-samarbeidet ved HVO med den største private tildelinga høgskulen nokosinne har fått til forsking.
– Sparebanken Møre er ikkje berre ein bank, men gjennom det å vere ein sparebank, er vi også ein samfunnsbyggjar – både gjennom bankdrifta og gjennom utbyte til samfunnet. HVO er ein viktig aktør for både Volda-samfunnet og regionen og dessutan nasjonalt. Dette gjeld både som arbeidsplass og utdanningsinstitusjon, men også som forskingsinstitusjon, seier Hamre, og legg til at god samhandling eksternt er viktig for at HVO skal henge med i samfunnsutviklinga og kompetansebehovet for framtida.
Kva håpar de kjem ut av at det blir forska på KI i Volda?
– Vi ser at KI er inngripande i alle delar av samfunnet, og dette må vi forhalde oss til. Vi trur KI blir inngripande i alle studieretningar, på alle arbeidsplassar, i alle skular og i alle heimar. Gjennom kunnskap og deling av kunnskapen håpar vi at KI i framtida skal bli brukt og utvikla til å vere både truverdig, trygg og berekraftig, seier banksjefen.
Ein av HVO-forskarane som var til stades under tildelinga, var professor Siv M. Gamlem, som sa til forsamlinga at det var heilt fantastisk å få denne støtta:
– Dette skal kome mange til gode, og det er spesielt aktuelt med tanke på HVOs nye ph.d.-program «Utdanning, språk og kultur», der KI er eit av temaområda.