Samanliknar gitarspeling med sjakk

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I sin nyleg utgjevne vitskaplege monografi gjev førsteamanuensis Stein Helge Solstad svaret på kvifor ein jazzgitarist kan spele så variert – sjølv om songen er den same. Han dreg parallellar til sjakk og ikkje minst til Magnus Carlsen si intuitive evne til å skape overraskingar.

– I boka forsøker eg å knyte musikkopplevingar opp mot ekspertisefeltet, dette er den første setninga frå Solstad når han skal forklare innhaldet i boka Expertise in Jazz Guitar Improvisation: A Cognitive Approach som han nettopp ga ut på det svært anerkjende akademiske forlaget Routledge. 

På spørsmål om han kan utdjupe det og kanskje også forenkle noko, er ikkje førsteamanuensisen i musikk ved Høgskulen i Volda tung å be.

– Med ekspertisefeltet meiner eg kognitiv psykologi, som har med korleis ein oppfattar ting rundt seg, set det i kontekst og kategoriserer, tenkjer og lærer. Du veit når Magnus Carlsen spelar sjakk vel han taktikk og speler etter korleis motstandaren er. Undervegs i kampane må han også til ei kvar tid vere fokusert på utviklinga i spelet og flytte brikkene sine etter korleis han på andre sida av bordet gjer det. 

Påverkar kvarandre

Ganske så likt er det også for jazzgitaristar. Målet er sjølvsagt ikkje å vinne som i sjakk, men å verta inspirert til å skapa noko større enn det ein kan gjere aleine. Innleving (empati), konsentrert lytting og ei evne til å umiddelbart omsette det du høyrer inni deg til tonar på instrumentet er avgjerande her, meiner Solstad. Dette har han funne ut etter å ha studert nokre av verdas beste jazzgitaristar under fleire feltstudie i New York. Solstad spelte sjølv med fem av desse toppgitaristane (Lage Lund, Jack Wilkins, Ben Monder, Rez Abbasi og Adam Rogers) og har i etterkant sett på videoopptaka korleis samspelet dei imellom fungerer. Solstad har mellom anna nytta standardlåten «All the Things You Are» for å avdekke ekspertisen som vert nytta i desse samspelssituasjonane.

– Gjennom å skrive ned på notar det me har gjort i samspel og gjennom å studere videoane svært nøye, har eg mellom anna sett at eg spelar svært forskjellig med alle desse gitaristane, sjølv om det er same songen. Dei speler på sine kunnskapar og brukar sin spesielle ekspertise, som påverkar meg i mi speling og motsett. Det spesielle med dyktige jazzgitaristar er at dei er intenst lyttande til konteksten dei er i, og spelar ut ifrå det, forklarar Solstad. Grunnen til at dei kan lytta så intenst til konteksten er at så mange sider ved situasjonen er internalisert og automatisert gjennom tusenvis av timar med øving. Gjennom lang erfaring har dei bygd opp fleksible strategiar (malar) som vert utløyst spontant i møte med ein ny situasjon.

Inspirert av kona

Boka til Solstad bygger på doktorgradsavhandlinga hans «Strategies in Jazz Guitar Improvisation» som han disputerte for i 2015. I tida etter disputasen fekk han fleire spørsmål frå folk som ønskte at han skulle forske og skrive meir om koplinga mellom musikalsk improvisasjon og ekspertise. Professor II ved Avdeling for kulturfag, Rune Krumsvik, var også av dei som meinte at det var mykje interessant å bygge vidare på. Våren 2018, under eit halvt år langt forskaropphald i Australia, arbeidde Solstad med stoffet, skreiv det ut, sendte det inn til forlaget Routledge, og fekk tilslag med ein gang. Ingrid Monson, professor ved Harvard University og hovudopponent på doktordisputasen til Solstad har skrive forordet i den nye boka.

Det er ikkje første gang Australia og Solstad klaffar godt når det kjem til forsking. Det var der det vesle frøet til doktorgradsarbeidet vart sådd i 2006 då kona Marit Ulvund, leiar ved Seanse- senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, dreiv med si doktorgradsavhandling.

– «Kan ikkje dette vere noko for deg også?», spurte Marit meg. Då var det i gang, seier Solstad og siktar til forskarkarriera si. 

New York

Utanlandsopphald har det blitt fleire av for vossingen som gjorde volding av seg i 1992. New York er ikkje nokon ny by for Stein Helge, her gifte han og Marit seg i 1989 og her har dei  også hatt leilegheit i mange år. Som ein del av doktorgradsarbeidet og grunnlaget for den nyleg utgjevne boka, hadde han eitt års forskaropphald, som «Visiting Scholar», ved velrenommerte Colombia University midt på Manhattan i New York og med gateadresse Broadway. Det var etter å ha blitt kjend med Paul Berliner, ein nestor innan jazzforsking på verdsbasis, at han fekk høve til dette.

– Det var eit fantastisk opphald som eg fekk veldig mykje ut av. Eg skaffa meg kontaktar som er vanskeleg å få om ein ikkje er på ein stad over lengre tid. Det er svært inspirerande og lærerikt å kome i kontakt med andre innan same fagfelt internasjonalt. I tillegg kjem inspirasjon og ei anna type læring frå besøk på jazzklubbar, konsertar og andre sosiale samanhengar. Samla sett har det vore av stor betyding både fagleg og kunstnarleg. Det hadde nok ikkje vorte så lett å skrive verken doktoravhandling eller bok utan denne inspirasjon, smiler Solstad.

Del på