Søker forskarar til partnarvald-prosjekt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fem nye forskarstillingar i storsatsing for å avverge partnarvald. – Det er aldri forska på avverjeplikt knytt til partnarvald i Europa tidlegare, og internasjonalt har det aldri blitt sett i gang eit så stort forskingsprosjekt på liknande tematikk, fortel prosjektleiar Kjartan Leer-Salvesen.

Meir enn 230 personar har vorte drepne av sin partner i Noreg sidan 1990. Fleirtalet av desse tilfella har drapsoffer eller gjerningsperson vore i kontakt med hjelpeapparatet før drapet skjedde, og mange av gjerningspersonane har valdsdommar frå før. 

– Etter at Partnerdrapsutvalet la fram si utgreiing "NOU 2020: 17 Varslede drap?" i desember, fekk vi ei lang rekkje framlegg frå Regjeringa om korleis vi kan hindre desse tragediane. Vår jobb blir å forske på avverjeplikta som er eit viktig sikkerheitsnett i alvorlege saker, seier professor Leer-Salvesen ved Høgskulen i Volda, som skal leie prosjektet.

Både offer og utøvar

Satsinga ved høgskulane i Volda, Molde, Politihøgskulen og Oslo universitetssykehus (SIFER) skal forske på både profesjonsutøvarar, valdsutøvarar og valdsoffer sine handlingar til og erfaringar med avverjeplikta i møte med partnarvald. 

Totalt har prosjektet ei totalramme på 41,8 millionar kroner. 12 av desse millionane får ein frå Noregs forskingsråd, resten av midlane vert dekt av dei ulike prosjektdeltakarane.

– Vi skal studere tilsette i barnevernet, politiet, krisesenter, legar, sjukepleiarar og psykologar, og også sjå på kva desse tenker om sitt ansvar og andre aktørar sitt ansvar for å avverje partnarvald, forklarar Leer-Salvesen.

Les også: 42 millionar til forsking på partnarvald

Fem nye stillingar

Fagmiljøet vert bygd opp med fem nye stillingar knytt til denne satsinga. Ved Høgskolen i Molde og ved Høgskulen i Volda lyser ein ut to stipendiatstillingar kvar, i tillegg til ei stipendiatstilling ved Politihøgskolen. 

Dei fem nye stillingane vert ein del av ei tverrfagleg forskargruppe saman med to professorstipendiatar og ei gruppe erfarne nasjonale og internasjonale forskarar.  

Under følger lenker til utlysingstekstane til dei fem stillingane:

Prosjektleiar for forskingsprosjektet «Avvergeplikt i møte med partnervold» er professor Kjartan Leer-Salvesen: tlf. 41 65 98 05 leersalv@hivolda.no.
Medprosjektleder er professor Solveig K. B. Vatnar: tlf. 47240094 uxvaso@ous-hf.no

Del på