Stein Conradsen har disputert ved HVO

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Stein Conradsen disputerte 19. februar 2021 for ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlinga: Patients’ knowledge and their trust in healthcare personnel in elective surgery. A mixed methods study including an extended theoretical discussion.

Conradsen vart med det den første til å disputere gjennom Høgskulen i Volda sitt eige doktorgradsprogram Ph.d.- studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling.

Les meir om det og Conradsen sitt arbeid med avhandlinga her.

Bakgrunnen for avhandlinga er å undersøkje og forstå tilhøvet mellom informasjon som pasientar får og oppfattar i et behandlingsforløp, i høve til kva slags tillit dei har eller ikkje har til personalet.

Kunnskap og tillit hos pasientar

Jo meir kunnskap pasientar som skal gjennom kirurgiske inngrep får om sin eigen sjukdom eller skade og om behandlinga dei skal få på sjukehusa, jo meir tillit vil dei ha til personalet.

Dette er hovudkonklusjonen i avhandlinga til Conradsen. Forskinga som er gjort i samband med avhandlinga konkluderer også med at pasientar med depresjonsplager kan ha vanskar med å stole på personalet, og det blir anbefalt at sjukehusa arbeider aktivt for å legge til rette for desse pasientane.

Set pris på informasjon

Fordi sjukehusbehandlinga er stadig meir avansert er det ein risiko for at pasientane kjenner seg utrygge på kva som eigentleg skjer og derfor er det viktig å opparbeide tillit. Dei aller fleste pasientane set pris på truverdig informasjon om sin eigen situasjon, sjølv om det kan vere ubehagelege opplysningar dei får.

Avhandlinga er basert på to undersøkingar, ei med intervju og ei med spørjeskjema, begge er gjort på sjukehus på Vestlandet.

Forskinga kan bidra til betre pasientinformasjon og pasientopplæring og til å få ei betre forståing av kva som skaper og svekker tillit i ein behandlingssituasjon.

Stein Conradsen er tilsett ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.
 

Del på