Torhild Høydalsvik har disputert ved OsloMet

Tekst: Geir Tangen , Foto: Johann Roppen

- Oppdatert

Torhild Høydalsvik disputerte 14. september 2018 for ph.d.graden ved OsloMet med avhandlinga "Implementering av og tilpassingar til ei endra barnehagelærarutdanning: Ein multimetodisk studie av nye praksisar."

Denne artikkelbaserte avhandlinga utforskar spørsmålet Korleis tilpassar lærarutdannarane seg nye studentgrupper og kva kjenneteiknar rollene i dei nye fleirfaglege kunnskapsområda?

Avhandlinga er forankra i ein kontekst der ytre initierte endringar har gått føre seg. Departementet har initiert både ein rekrutteringsstrategi og ein ny nasjonal rammeplan. Endringane vert studerte gjennom pedagogikk, profesjonsteori, implementeringsteori. Det vert undersøkt korleis studentgrunnlaget er endra og korleis lærarutdannarane implementerer og gjer tilpassingar i sin praksis. Forskingsstudien har eit multimetodisk design. Data er samla inn gjennom fire sekvensar i åra 2012-2016. Datamaterialet består av registerdata, spørjeundersøking, læreplananalyse og case study. Avhandlinga inneheld dei tre dimensjonane (1) Studentrekruttering, (2) Omsetjing og tilpassing, og (3) Tverrfaglegheit. Artikkel 1 spør på kva måte nye kvalifiseringsvegar i barnehagelærarutdanninga har endra studentgruppene. Resultata frå registerdata og ei spørjeundersøking mot studentar i arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning syner at studentgruppa har endra seg radikalt frå 2007 til i dag. Det gjeld utdanningsvegane, studentgruppa sin alderssamansetjing og prosent av studentane som arbeider i barnehage gjennom studieløpet. Studentane sin sosio-økonomiske bakgrunn har ikkje endra seg. Artikkel 2 spør på kva måte lærarutdannarane, studentane og programleiarane omset reformideane i rolla som fagplanutviklar i fleirfaglege, teambaserte program. Resultata frå case study syner at samarbeid ikkje er nok ein er læreplanutviklarar innanfor tverrfaglege modellar. Artikkel 3 følgjer opp med å gå nærare lærarutdannarane. Resultata peikar på utfordringane det er å vere team medlem og meklar for å greie å skape programkoherens og profesjonsretta program. Resultata frå case-studien syner større grad av samspel, men dersom ein skal lukkast med bygginga av nye praksisar, trengs (1) ein sterk og tydeleg leiar, (2) eigarskap til teamet, (3) tid til nært samarbeid mellom medlemane i teamet og faste møtepunkt med studentane. Vidare erfarer lærarutdannarane kor viktige det er å ha (4) identitet som barnehagelærarutdannar, (5) gjensidig ansvar for ein felles læreplan for kunnskapsområdet, og (6) at innhaldet i utdanninga er nær barnehagelærarprofesjonen. Ved hjelp av metaforen elv peikar avhandlinga på korleis ei roleg og lågmælt reform (Strategireforma 2007-2011) faktisk greidde å endre utdanninga før den meir ville og fossande rammeplanreforma entra barnehagelærarutdanninga hausten 2013.

Torhild Høydalsvik er tilsett ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

 

Del på