Panelsamtale om kunstig intelligens og programmering i skulen

Måndag 10. mars kan alle interesserte få med seg ein open paneldebatt om programmering og kunstig intelligens i skulen under ein konferanse høgskulen arrangerer i Ørsta.

Digital kompetanse - programmering av mikrokontrollerar

Illustrasjonsfoto.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

10.–11. mars arrangerer Høgskulen i Volda (HVO) den årlege konferansen til programmeringsnettverket for realfag i skulen (PRIS).

Som del av konferansen skal det gjennomførast ein panelsamtale, og denne er open for publikum. Både lærarar, lærarutdannarar, foreldre, forskarar og andre interesserte er hjarteleg velkomne til å få med seg samtalen på  Havila Hotel Ivar Aasen måndag 10. mars kl. 16.00 (gratis inngang).

Desse spørsmåla blir utgangspunktet for panelsamtalen:

  • Kvifor er programmering ein del av matematikkfaget?
  • Kvifor skal vi eigentleg bruke tid på å lære programmering?
  • Kva plass bør Kunstig Intelligens ha i skulen?
  • Kva må elevar lære om Kunstig Intelligens?

Konferanse som viktig møteplass

Førsteamanuensis Runar Lie Berge og førsteamanuensis Andreas Brandsæter frå HVO er mellom arrangørane og fortel at dei gler seg til å arrangere PRIS-konferansen 2025.

Dette er det tredje året konferansen blir arrangert, og PRIS-konferansen har allereie blitt ein viktig møteplass for forskarar og lærarar med interesse for programmering i skulen.

Sjå heile konferanseprogrammet her.

Del på: