650 år gamalt historisk dokument kjem endeleg på heimvisitt
Landslovjubileet 2024 blir markert i Aasentunet 14.–17. november. Her kan du lære meir om Noregs første felles lovbok og sjå ein unik gjenstand utstilt for første gong: eit mellomalderdiplom frå Bjørkedalen.
I 2024 blir 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov markert over heile landet. I Aasentunet blir jubileet feira med to arrangement og ei sjeldan utstilling: Eit 650 år gamalt mellomalderdiplom frå Bjørkedalen blir vist fram for publikum for første gong.
Opninga av utstillinga torsdag 14. november blir startskotet for ei veke med fokus på Landslovjubileet, diplomet frå Bjørkedalen og den urgamle skriftkulturen i lokalområdet vårt.
- Sjå heile programmet for arrangementa i Aasentunet 14.–17. november her.
Viktig dokument og vakker gjenstand
– Diplomet frå Bjørkedalen er ein unik gjenstand som i dag er ei viktig historisk kjelde til å forstå ulike delar av mellomaldersamfunnet både lokalt og nasjonalt, seier Alexandros Tsakos, fagleg leiar ved Manuskript- og librarsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Eit diplom var ein type rettsleg dokument som vart skrive og nytta i mellomalderen.
– Det er samstundes ein vakker gjenstand som ein endeleg kan få høve til å sjå med eigne auge, om lag 650 år etter at diplomet vart skrive, seier Tsakos.
Lærer om dei spennande samanhengane
Dette er første gongen sidan 1800-talet at dette dokumentet er tilbake i området der det vart skapt. Den sjeldne gjenstanden blir berre mogleg å sjå nokre få dagar før han blir send tilbake til spesialsamlingane til Universitetsbiblioteket i Bergen.
– I tillegg til diplomet stiller vi ut bøker frå 1500- og 1600-talet frå Moritsgarden på Bjørkedalen. Under utstillingsopninga torsdag 14. november får publikum høyre om den spanande koplinga mellom desse bøkene, Moritsgarden og diplomet, seier Siri Beate Gjerde, som er bibliotekar i Nynorsk kultursentrum.
Under utstillingsopninga vil det samstundes bli lansert ei digital utstilling laga av spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen, der alle dei fire mellomalderdiploma som stammar frå Volda, blir viste fram.
Vil inspirere til forsking og interesse
Utstillinga av diplomet blir avslutta søndag 17. november med eit kveldsarrangement om arven etter Magnus Lagabøtes landslov.
– Arrangementa er for alle som vil vite meir om Landslova, Bjørkedalsdiplomet, bøkene frå Moritsgarden og dessutan koplingane mellom desse ulike historiske skriftstykka, seier Irene Hareide, forskings- og samlingsleiar i Nynorsk kultursentrum.
Utstillinga og arrangementa er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Universitetsbiblioteket i Bergen og Nynorsk kultursentrum.
– På arrangementa vil forskarane våre dele sine perspektiv på denne viktige delen av historia vår. Dei vil spesielt fokusere på Landslova som reform, på verknadshistoria og på lova i eit skriftkulturperspektiv. Vi håper med dette å inspirere til vidare forsking og interesse for den rike kulturarven vår, seier forskingssjef Henriette Hafsaas ved Høgskulen i Volda.
Både utstillingsopninga i Aasentunet torsdag 14. november og Landslov-kvelden søndag 17. november same stad er gratis – sjå programmet her.
Denne teksten er opphavleg publisert av Nynorsk kultursentrum.