Første mastergradskandidaten i kulturmøte har levert

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

7d8a00465d38f73e7dcbfd54a487a8b924c0fe0b

- Ein av dei store fordelane med mastergraden er at ein vurderer kulturmøter både i eit makro- og mikroperspektiv, globalt og lokalt. I tillegg til at ein får innsikt i kva som på den eine sida skapar samling og på den andre sida, splitting mellom folkegrupper, fortel Sissil Brun Sørensen.

Møter mellom kulturar på mange nivå

- Vi tenker gjerne på kulturmøter som møter med framande og meir eller mindre ukjende kulturar, og tenker sjeldan over at det er dei same mekanismane som verkar når ulike faggrupper har interessekonfliktar i ei verksemd eller ein institusjon, forklarar ho.

- Mastergradsstudiet i kulturmøte gir eit godt grunnlag for å forstå kva moglegheiter og avgrensingar som kan oppstå i møtet mellom kulturar. Kunnskapsgrunnlag kan vere like aktuelt i internasjonalt arbeid som i arbeidet i ein verksemd der dei kulturelle motsetningane kan vere ulike fagleg eller sosial bakgrunn.

Allsidig utdanning

- Når det gjeld yrkesmoglegheiter, eg er uføretrygda no, så det er litt avgrensa foreløpig, men eg vil gjerne ut i arbeidslivet att. Det er svært sannsynleg at eg kjem til å skrive bøker eller liknande, der eg nyttar både denne kunnskapen og gjerne kombinerer den med erfaringar frå Master of Management frå BI, som eg tok tidlegare.

- Eg er viss på at utdanninga på ein eller annen måte kjem til nytte, sjølv om ikkje alt er klart enno.

Om mastergradsstudiet

Studieprogrammet gir studentane kompetanse innan internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti og i forskings- og utgreiingsarbeid.

Mastergraden gir også kompetanse som kan nyttast i kyrkje og skuleverket, innan media og informasjonsarbeid, i offentleg og privat forvaltning og i ABM-sektoren og kultursektoren elles. Studiet gir dessutan kompetanse i innsamling, vurdering og strukturering av informasjon.

Les meir om mastergradsstudiet i kulturmøte

 

Del på