”Har du det i deg?”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet i skulen. I åra framover vil det vere ei utfordring å rekruttere, utdanne og behalde dyktige lærarar. Partnarskapet Gnist står sentralt i satsinga for å auke kvaliteten i norsk skule, der Kunnskapsdepartementet, utdanningsinstitusjonar, fagforeiningar og studentorganisasjonar samarbeider om å lage ein betre skule.

– "Har du det i deg?" er spørsmålet interesserte må stille seg. Vi tror flere vil ha svart ja på dette spørsmålet når fristen går ut 15. april, seier utdanningsminister Tora Aasland i ei pressemelding frå KD. – Å være lærer er utfordrende, derfor må søkerne både være kunnskapsrike, omsorgsfulle og glade i å formidle, understrekar ho.

e97380dd9d7feede3b73a44f84b943ccf9371d4f
Marie Alnes Brekkhus er allmennlærarstudent ved høgskulen og glad for at ho valde nettopp denne utdanningsvegen. (Foto: Iris Engen Skadal) 

– Som lærar får ein lov til å følgje og spele ei rolle i utviklinga til barn og unge, og det er utruleg kjekt å oppleve at nokon lærer og utviklar seg som menneske på nært hald. Ein vert godt kjend med elevane, og dei gir mykje tilbake som veg opp ein elles hektisk og ofte utfordrande kvardag, seier allmennlærarstudent Marie Alnes Brekkhus.

På kampanjesidene www.hardudetideg.no kan interesserte ta ein uhøgtidleg test for å sjå om ein eignar seg som lærar. Nettsida gir fyldig informasjon om kva lærarutdanninga og læraryrket inneber. Kampanjen skal gå over tre år og har ei samla kostnadsramme på 20 millionar kroner.


Les meir om lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda eller på kampanjesidene til "Har du det i deg?".

Del på