Helge Jordal øver inn ny teaterframsyning ved høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

34ae2ef02e65e72820438987e95e158bc689d9e9
Folkemusikkgruppa Tindra øver i teatersalen ved Høgskulen i Volda. Frå venstre: Irene Tillung, Åshild Vetrhus, Jorun Marie Kvernberg og Helge Jordal.

Dei er i Volda i tilknyting til Seanse-senteret ved Høgskulen. Seanse er eit nasjonalt senter som har som mål å skape kvalitetsproduksjonar for barn og unge over heile landet.  Her får folkemusikkgruppa mulegheit til nytte seg av kompetansen ved senteret.

- Seanse eit supert tilbod

"Den kvite hjorten" er ei musikalsk teaterframsyning basert på folkemusikk.

- Seanse har eit supert tilbod som er verdt mykje for ei lita gruppe som Tindra, fortel regissøren for stykket, Marita Hesjedal.

- Dei tilbyr mykje praktisk hjelp, som øvingslokale og økonomisk støtte. Vi får også møte andre kunstnarar som vi kan dele erfaringar med.

Frå "Jeppe på Bjerget" til folkemusikk

Helge Jordal, som er mest kjent for sine tolkingar av "Jeppe på Bjerget", er spent på den nye framsyninga.

- Eg er berre ein halvgammal mann som ikkje har arbeidd med folkemusikk før, fortel han, og skyt inn at det er verkeleg artig å få prøve dette med så unge talentfulle jenter.

Han synest det er artig å vere tilbake i Volda.

- Det var akkurat her eg starta min første turne i 1973, fortel skodespelaren.

Håper på før-premiere i Volda      

Framsyninga gruppa no øver inn skal ha premiere på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, i byrjinga av juli i år, men gruppa håper på at dei skal få til ei før-premiere i Volda.

- Vi håper på å få låne barn frå Volda til utprøving av prosjektet, både til å kore og vere publikum, før vi reiser vidare, fortel regissør Hesjedal.

Del på