Boklansering ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Dette har vore eit svært spennande og mangfaldig prosjekt, oppsummerte historikar og medredaktør Kari Hasle ved lanseringa i dag.
- Bidragsytarane til boka Lokale røyster i 1905, unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet kjem frå ulike fagmiljø i regionen og har sin bakgrunn innanfor historie og mediefag. Forfattarane er ei god blanding av yngre og etablerte forfattarar, noko som gir spenst.

Boka dedikert til Jostein Nerbøvik
Den 7. juni 2005 er det hundre år sidan unionen med Sverige vart oppløyst. 1905 var, som Jostein Nerbøvik har formulert det: "Ein bautastein av eit år, tungt lasta med innhald og meining."

- Innan historiefaget har fokus tradisjonelt vore retta mot dei politiske hendingane, i første rekkje på tilhøvet mellom den svenske kongemakta og den norske Regjeringa og Stortinget. Fokuset har i mindre grad vore retta mot korleis denne hendinga blei formidla og oppfatta i lokalsamfunna, seier medredaktør Jens Johan Hyvik..

Med utgangspunkt i lokale aviser på Nord-Vestlandet, presenterer denne boka spenningar og samvirke mellom lokale og nasjonale røyster, sentrum og periferi, sentrale styresmakter sine agendaer i den politiske utviklinga og framveksten av ulike lokale og regionale mentalitetar.

- I dei sentrale spørsmåla som ligg til grunn for artiklane i denne boka rettar seg mellom anna til kva reaksjonar vi finn på dei storpolitiske hendingane i 1905, utanom dei sentrale riksavisene og kan studium av lokale og regionale aviser kan gje oss av alternative forteljingar om pressa si samfunnsrolle i 1905, kommenterer Hyvik.

lokale_royster_520

Bidragsytarane utanfor Høgskulen i Volda etter lanseringa i dag.


Les meir på www.hivolda.no/1905

Del på