Filmlansering og seminar om sidemål

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

PICT0033stort

Forsøket med valfritt skriftlig sidemål ved ni vidaregåande skolar i Oslo er avslutta, og rapporten frå forsøket konkluderer med at det fagleg sett ikkje ser ut til å vere mykje å vinne på å kutte ut den skriftlege nynorskopplæringa. Det samfunnsvitskaplege forskingsinstituttet Nifu Step tok på seg oppdraget med å evaluere forsøket. Dei har følgt forsøket tett og mellom anna gjort grundige statistiske analysar av resultata til elevane. På bakgrunn av innsikta forskarane frå Nifu Step fekk, vil Nils Vibe og Jorunn Spord Borgen kome på seminaret og snakke om korleis ein etter deira syn kan styrkje nynorskopplæringa.

På seminaret vil dessutan professor Kjell Lars Berge snakke om forsking og politikk, og Laila Aase, som var leiar for læreplankomiteen for norskfaget i Kunnskapsløftet, vil snakke om nynorskkompetanse som del av det totale danningsprosjektet for norskfaget. Seminaret stiller òg eit panel med fleire fagfolk på nynorskopplæring: Synnøve Matre frå Høgskolen i Sør-Trøndelag, Endre Brunstad frå Universitetet i Bergen, Benthe Kolberg Jansson frå Nynorsksenteret/Høgskolen i Østfold, Hege Myklebust frå Noregs Mållag og Synnøve Skjong frå Høgskolen i Oslo.

I samband med seminaret lanserer Snöball Film og Nynorsksenteret ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen. Filmane i pakka syner konkrete undervisningsopplegg som er gjennomførde på skular i Trondheim, Stavanger, Bærum, Oslo og Nesodden. Dei viser at det er mogleg å gjere nynorskundervisninga spennande, variert og lærerik for elevane. Ressurspakka skal kunne brukast i internopplæringa på skular, i etterutdanning av norsklærarar og på lærarutdanninga ved høgskular og universitet.

Stad: Helga Engs hus (UV-fakultetet), Auditorium U35, Sem Sælands vei 7, Blindern
Tid: Torsdag 14. februar kl 10

Meir informasjon kan de få frå Anne Steinsvik Nordal, leiar på Nynorsksenteret, på telefonnummer 91371773 (mobil) eller e-post anneno@hivolda.no.

Del på