Fruktbart samarbeid på kryss og tvers

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Barn og medverknad
Ingri Kvamstad (COurban design collective) f.v., Berit Bae (Høgskolen i Oslo og Akershus), Randi Bergem (Høgskulen i Volda), Grethe Mari Mattland Olsen (Høgskulen i Volda, Hilde Muren (Høgskulen i Volda), Regine Solberg Aklestad (Volda kommune) og Trine Grytøyr (Nordland fylkeskommune) utveksla kunnskap og erfaringar under konferansen torsdag.

Bakgrunnen for konferansen torsdag var at Helsedirektoratet har teke initiativ til satsinga Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse. Midlar frå satsinga skal gå til kartlegging og utviklingsarbeid retta mot å utvikle nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse, og til å skaffe kunnskap om korleis kvalitetar i nærmiljøet kan takast omsyn til i planarbeidet i kommunar. Medverknad er sentralt i denne samanhengen.

Volda kommune er ein av seks kommunar i Møre og Romsdal som er med i satsinga. Volda kommune samarbeider med Høgskulen i Volda om prosjektet, som har lagt særleg vekt på barn og medverknad.

Studentar med i prosjektet

I det arbeidet er bachelorstudentar frå Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) innlemma. Dei skal drive feltarbeid for å finne ut korleis ein kan utnytte og utvikle uteområda ved skular og barnehagar for å fremme aktivitet – i samarbeid med barn og unge. Studentane sitt arbeid skal kome Volda kommune til gode, som får overlevert ein rapport med funna deira.

På plass torsdag var også barnehagelærarstudentar, tilsette i barnehagar, planleggarar og rådgivarar i kommunar og fylkeskommune og fagtilsette frå planleggingsmiljøet og barnehagelærarutdanninga ved HVO.

– I strategien til høgskulen står det at vi skal samarbeide med arbeidslivet, kommunar og fylkeskommune. Det er heilt naturleg for oss i og med at vi må vite kva som rører seg «der ute», og kva behov og ønsker som finst for at vi skal gi best moglege utdanningar. Vi må tilpasse utdanningane våre etter det arbeidslivet etterspør, seier dosent Randi Bergem.

Samskaping

Dette var også rektor Johann Roppen opptatt av i sin opningshelsing.

– Høgskulen i Volda spring ut av eit tett samarbeid med det lokale og regionale arbeidslivet - og det nasjonale og internasjonale forskarsamfunnet. Denne konferansen har ca. 200 deltakarar. Her møtest studentar og tilsette frå høgskulen og representantar frå det lokale og regionale arbeidslivet. De skal saman skape noko nytt og spennande innanfor temaet barn og medverknad. Eg håper at alle kjem ut av konferansen og det som har skjedd før og skal skje etterpå – litt klokare og litt meir reflektert. Og med fleire kontaktar. Samskaping. 

Bergem er også glad for å kunne involvere studentane og la dei knyte kontakter med arbeidslivet og samstundes få viktig erfaring som dei kan ta med seg tilbake til høgskulen.

– Feltarbeid på denne måten er veldig nyttig for studentane. Samstundes får dei også vere ein del av eit FoU-prosjekt som gir metodisk trening. Ei anna gulrot for dei, er at arbeidet deira vert brukt i praksis av kommunen, understrekar Bergem.

Hjelp og erfaringar

Innleiarane under konferansen, fagmiljøa ved HVO studentane var samla før konferansen. Der heldt Regine Solberg Aklestad, planleggar i Volda kommune, ei kort innleiing om kva dei såg for seg med prosjektet. I tillegg fekk studentane nyttige innspel til å utarbeide ein plan for feltarbeidet, som deg tek til med 25. september.

– Volda kommune håper at prosjektet skal hjelpe oss til å utvikle leik- og aktivitetsområde i barnehagar skular og buområde i kommunen. Vi ønsker også erfaringar frå korleis ein kan inkludere barn i slike prosessar, seier Aklestad.

Utvikla eigen modell

Trine Grytøyr
Trine Grytøyr fortalde om korleis dei hadde hatt suksess med å involvere barn og ungdom når avgjersler skal takast.

Det siste fekk Aklestad eit godt døme på frå Trine Grytøyr, rådgjevar i Nordland Fylkeskommune, under konferansen. Ho har vore med på å utvikle noko dei kallar Fokusdag, for å få barn og ungdom med i prosessar der avgjersler vert tekne. Då vert ei gruppe barn eller ungdom samla og får gjennom ulike øvingar og aktivitetar kome med sine innspel til det aktuelle teamet. Det spesielle med opplegget er at alt frå planlegging av dagen til gjennomføring og rapportskriving i etterkant er det ungdommar tilsett av fylkeskommunen som står for. Ifølge Grytøyr kan metodikken brukast i alle aldersgrupper.

Berit Bae, professor emerita ved Høgskolen i Oslo og Akershus, snakka om kva det betyr for barn å få medverke, deira rettigheiter og korleis ein skal snakke til dei. I tillegg var også Ingrid Kvamstad, medeigar i COurban design collective, som er ei tverrfagleg konsulentverksemd som jobbar i heile Skandinavia med demokratisk byutvikling gjennom brukarmedverknad og stadsspesifkk kartlegging, til stades og la fram sine perspektiv.

Del på