KAMMER-KAMERATANE

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Jan Inge Sørbø

I 1978 kom familien Follesø flyttande til Volda. Seks år gamle Annar kom til å sjå eit TV-program om ein fiolinist. Då insisterte han på at han også ville lære å spela fele. Det vart det ei råd med; han fekk undervisning på Kulturskulen av Torstein Hjertvik, og seinare av Knut Ose.

Volda-perioden vart ikkje så lang. Alt i 1982 flytte familien til Oslo. Då var Annar godt i gang med fela, og vart elev ved Barratt Dues musikk-institutt. Dei har som politikk at dei tek sikte på å gjera elevane til profesjonelle musikarar.

Då Annar Follesø kom tilbake til Volda som ein av leiarane av Kammermusikkfestivalen for Søre Sunnmøre i 2010, møtte han att ein entusiastisk Knut Ose, hadde brukt åra på å undervisa flokkar av unge strykarar, og skapt eit stort strykarmiljø. Få ting kunne gledd han meir enn at ein av elevane hans kom tilbake med ein heil festival.

Annar_Folleso_620.jpgAnnar Follesø.

I 1969 stilte ni år gamle Wolfgang Plagge opp i BBC-programmet Opportunity Knocks og spela klavar. Det gjekk bra,  og året etter vann han heile konkurransen. I Oxford sat eit norsk ektepar og såg med store augo på at denne vesle karen frå Norge gjekk heilt til topps i konkurransen. Desse to har seinare slått seg ned i Volda, og har hatt ein høg frammøte-prosent på kammermusikk-festivalen: Bjørn og Elisabeth Stave – besteforeldra til ein av dei som har fått talent-prisen på festivalen, Eirik Stave.

Les meir om Sunnmøre kammermusikkfestival.

Dei to kunstnarlege leiarane for Kammermusikk-festivalen har turnert, saman og kvar for seg, i USA, Kina, Japan og i ei rekkje europeiske land. Annar som fiolinist og solist i Oslo-filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og dei siste åra i KORK, Wolfgang som klaversolist, med debut i Aulaen som tolvåring, og seinare ofte som solist eller ensemble-medlem når hans eigen musikk blir framført. Han har meir enn 170 Opus (verk) på lista, og har delteke på eit trettitals innspelingar, ofte av eigen musikk. Begge har store nettverk mellom profesjonelle musikarar. Wolfgang vart til og med invitert heim til ekteparet Daniel Barenboim og Jacqeline de Pré då han var sju-åtte år.

Annar har vore solist i innspelinga av noko av Wolfgangs musikk, etter at dei vart kjende i 1999, då Annar var ferdig med diplom-utdanninga si i Indiana. Seinare har han studert og spela inn fleire av dei store fiolinverka til Ole Bull. Den i si tid verdskjende fiolinisten er mest kjend i dag for melodiar som «I ensomme stunder» og «På solen jeg ser», men i samtida skreiv han enormt krevjande virtouse verk, som sjeldan blir oppført. Det blir sagt at han og Paganini prøvde å skriva så vanskeleg at konkurrenten ikkje skulle greia å framføra det. Det er dette materialet Annar har spela inn ein CD med, og han har ein ny på beddingen. I tillegg har han spela inn Bela Bartok, som har ein særeigen kombinasjon av ungarsk folkemusikk og modernisme. Det er heller ikkje stoff for nybyrjarar.

Wolfgang_Plagge_620.jpgWolfgang Plagge.

I 2008 fekk dei spørsmål om dei ville vera kunstnarlege leiarar for ein kammermusikk-festival med utgangspunkt i Volda, og frå 2010 av har dette blitt ei årleg hending på Sunnmøre. Så no er reisene til USA, Orknøyane, Kina og sentral-Europa supplert med ei veke intenst musikkliv på Søre Sunnmøre kvart år. På reisene og i musikk-arbeidet har dei heile tida kontakt med andre musikarar, og kvart år tek dei med seg ei handfull av dei beste til festivalen sin.

Kvifor driv dei på?

Det er inspirerande å møta dei lokale entusiastane, og nokre av dei ser vi jo på nesten alle konsertane, seier dei to. Dei legg vekt på å halda kontakt med musikk-utdanningane, og kulturskulane i sunnmørskommunane er ein del av kontakt-nettet.

- Samtidig er det nok behov for å visa fram kor mykje flott som ligg i kammermusikken. Folk flest kjenner nok meir til verk for store besetningar. Men ikkje berre har mange komponistar ytt sitt aller beste i kammerformatet. Det er også noko intimt og nært med kammermusikk; publikum og musikarar sit så nært kvarandre at dei får ei felles oppleving av musikken. Det blir nesten ein felles pust. I september skal vi ha konsert på Opdahl-galleriet på Flø, med musikarar og publikum i eit lite rom, og med ei enorm utsikt mot havet utanfor glaset. Det kan bli magisk, seier Annar Follesø.

Det er Annar og Wolfgang som formar ut programmet for festivalen. Dei er no i ein tre års bolk som handlar om ulike former for endring. I fjor var det innovasjon, i år er det revolusjon og neste år er det evolusjon. Programmet for i år speglar seg også i to årstal: Reformasjonens 1517 og den russiske revolusjonens 1917.

Reformasjonstematikken blir synleg ikkje minst i avslutningskonserten, der kyrkjemusikken avspeglar endringane sett både frå katolsk og reformert side. På den eine sida endra Bach kyrkjemusikken fordi reformasjonen sette kyrkjelyden til å syngja, ikkje berre lytta til eit mindre kor. Det var fødselen til koralen. På den andre sida skapte endringane ei fornying av katolsk musikk hos Palestrina og Monteverdi, som også kasta seg over tekst-ulegginga i musikken. Det går vidare til Händel og Brahms – på reformert side. Dette er eit spennande stoff, seier Wolfgang, som sjølv kjenner begge sidene av reformasjonen: Han er sjølv katolikk og har delteke i arbeidet med musikken i katolsk salmebok, og han er med i kyrkjemusikalsk arbeid i Kyrkjerådet sin regi. Dessutan er han gift med ein luthersk prest!

-I desse tre tematikkane – innovasjon, revolusjon og evolusjon – er Beethoven sjølvskriven i alle. Han var ein av dei mest nyskapande, han var oppteken av revolusjonen, og han utvikla musikken i stadig dialog med tradisjonen, seier Annar.

- Og når vi spelar hans kvartetten i C-moll, frå Beethovens nest siste leveår, så vil publikum frå høyra alt dette, seier Annar. Og litt av innovasjonen er at den blir spela på Flø, der den truleg aldri har blitt framført før.

Programmet 2017

Del på