Kan verte del av eit nytt internasjonalt masterprogram

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

dc73b8ee0cbd45042cba01d31f3d3313
Dei utanlandske deltakarane på samlinga saman med Arnfinn Kjelland (t.h.) på Runde. 

Tilsette frå National Research University, Higher School of Economics, Moscow, University of Iceland, Reykavík, Eötvös Unversity, Hungary, National University of Singapore og Høgskulen i Volda (HVO) diskuterte den vidare framdrifta for denne moglege nye mastergraden i Volda denne veka. Arnfinn Kjelland, Harald Krøvel og Dag Hunstad frå Historisk institutt representerte HVO.

Diskusjonar om fag og stad

Kjelland fortel at dette i utgangspunktet starta som eit samarbeid mellom dei ungarske, islandske og norske institusjonane med eit forprosjekt tilbake i 2009. No har dei prøvd å formalisert det meir og etter tre samlingar er målet å få starte opp eit masterprogram i mikrohistorie. Den første gjekk føre seg i Budapest i september, medan den andre no var i Volda og den siste og avsluttande finn stad i Reykjavik i slutten av juni. Til desse samlingane har også tilsette frå universitetet i Moskva kome med, medan representanten frå Singapore var invitert til Volda for å gje eit bilde på korleis ein ser på mikrohistorie i Asia.

– Det har vore tenkt på ein felles, såkalla «joint» mastergrad over landegrensene, men det viser seg svært vanskeleg å få til. Difor er målet no å få ein institusjon som vertskap for mastergraden. Etter diskusjonane i Volda, ser det ut til at Reykjavik og Moskva er alternativa til det. Då står dei ansvarleg for programmet medan vi andre vil bidra med emne inn i utdanninga, fortel førsteamanuensis Arnfinn Kjelland.

I Volda diskuterte dei kva ein slik mastergrad bør og kan innehalde, kva tema som er aktuelle og korleis ein skal få til dette i praksis. Mikrohistorie er ifølgje Kjelland eit omgrep som historikarar verda over sjølve langt ifrå er samd om kva inneheld.

– Mikrohistorie har nesten ikkje vore eit tema i Norge tidlegare. Her har vi konsentrert oss mest lokalhistorie, og meiner at noko lokalhistorie kan kallast mikrohistorie. I alle andre land har ikkje lokalhistorie hatt like stor akademisk prestisje som her til lands.

Vil forsvare lokalhistorie

I samband med arbeidet med nyvinninga har HVO, og universiteta i Ungarn og Island hatt pilotkurs som viser korleis undervisning i fagfeltet kan leggast opp. I Volda har det vore emnet HI 204 Lokal-, familie- og mikrohistorie. Ein student på emnet i vår skal vere med til Island i juni og fortelje om sine erfaringar.

– Vi i fagmiljøet ved HVO kan tenkje oss å bidra med eit emne der vi prøver å forsvare at lokalhistorie utført etter bestemte metodar godt kan kallast mikrohistorie . Da vil studentane t.d. sjå på lokalhistorie i ulike land og samanlikne, seier Kjelland og legg ikkje skjul på at det hadde vore stas.

– Om dette blir noko av vil vi vere med og det hadde vore morosamt å få det til i Volda. Vi har fleire frå instituttet som kan bidra inn i eit slikt emne.

8d0ead8ce1ae3e99f7fc78561a1580b0
Arnfinn Kjelland tok med seg historikarane til Herøy Kystmuseum.

Heile prosjektet er finanisert gjennom EØS-midlar som universitetet i Ungarn har fått tilslag på. I tillegg til diskusjonane ved HVO, fekk dei tilreisande også med seg naturskjønne Runde i nydeleg vêr og på same tur vitja Herøy Kystmuseum.

– Det er artig å få internasjonalt besøk og spesielt når vi var så heldige med vêret. No ser vi fram til Island i juni, der ein skal konkludere for dette prosjektet, seier Kjelland.

Del på