Lærarstudentane tok over ungdomsskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

525Kai_Oskar_har_samfunnsfa

- Elevane er veldig ulike, veit du – så det er veldig spennande å gå inn i ei ny klasse. Slik sett er dette veldig nyttig praksis for oss.
Kai Oskar Eidvik (27) er frå Tennfjord, og tek no praktisk-pedagogisk utdanning årsstudium ved Høgskulen i Volda.
- Studentane avsluttar no ei seks vekers praksisperiode med eit skuleovertakingsprosjekt på to veker ved Ørsta ungdomsskule. Då tek dei full kontroll i både rektorrolla og lærarrolla for heile skulen. Etter at dei har hatt nokre dagar saman med dei faste lærarane, er studentane åleine med dei 350 elevane og 13 klassene.

Blues i musikktimen
- Vi skal ha musikk, og elevane skal lære om blues, seier Svein Erik Kvalsvik (27) frå Ålesund. Han går andre året på allmennlærarutdanninga og har allereie vore på ungdomsskulen i ein snart tre vekers praksis.
- No har eg vorte kjend med klassa – og det er om lag som å vere vikar, seier han på veg til sin musikktime. Han bukserer seg veg mellom elevane med kassegitaren under handa og manar til ro i klassen.

525Svein_Erik_med_blues_i_m

Elevane ramlar ned på stolane og myser mot tavla der lærarstudenten skriv blues med store bokstavar.

- De skal dele dykk inn i grupper og skrive eit vers kvar. Kva veit de om blues, spør han utover klassen?

Quizpremie: Kanonball
Tilbake i samfunnsfagklassen til Kai Oskar er elevane ferdige med quizen – og den gruppa som vann får bestemme kva dei skal gjere i gymtimen etterpå.

- Det vart kanonball, seier ppu-studenten og smiler.
- Det brukar å vere litt ekstra styr når dei ikkje har sin faste lærar – men det har gått fint her med meg i dag.

225Tonje_og_Marie_i_sloydsaSnart sløydlærar?
I sløydsalen er det full konsentrasjon. Jonas Koen Lundberg (24) er også PPU-student.
- Eg har teke litt ulike fag ved lærarutdanninga i Volda. Mellom anna ikt, kroppsøving og kunst og handverk.

- Det er mykje kjekkare å ha studentane her enn vanlege lærarar, kommenterer Tonje Svanøy (15) i sløydklassa.
- Studentane her er flinke, men eg trur ikkje dei er klare for å verte verkelege lærarar enno – dei har godt av praksisen, seier Tonje. Veninna Marie Clausen (16) er samd, og legg til at studentane er veldig opptekne av å gjere ein bra jobb, og det merkar elevane.

- Det er greitt med sløyd. Elevane er opptekne med sitt. Jonas går rundt og hjelper litt her og der.
- Etter praktisk-pedagogisk utdanning skal eg no finna ut kva seg skal gjere vidare. Eg har vel valet mellom å halde fram på masterutdanninga i Volda eller kanskje å gå ut i arbeid. Det er ikkje lett å velje, men eg har enno litt tid.

525PPU-student_Jonas_vurder

bullet_2 Les meir om studia ved Høgskulen i Volda

Del på