Med data og Dustefjerten inn i nynorsken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Små born har eit stort potensial for språklæring. Det å få born til å leike med språket skaper språkleg medvit, seier Anne Steinsvik Nordal, leiar for Nynorsksenteret.

På konferansen vert det òg lansering av den nye antologien Les for meg!, som Nynorsksenteret gjev i gåve til norske barneskular og barnehagar. Antologien er tenkt som ein døropnar inn i det rike skattkammeret som den nynorske barnelitteraturen er. Rune Belsvik, ein av dei mange forfattarane som er representerte i antologien, er dessutan mellom innleiarane på konferansen.

Konferansen skal vere på Radisson SAS Hotel Norge i Bergen torsdag 17. april kl. 09.00–15.30.

Program for konferansen: http://www.nynorsksenteret.no/konferanse/

Del på