Møte mellom kulturar - ny mastergrad

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Therese Brunstad, bachelorgradsstudent i Informasjon og media

- Kulturmøte eller møte mellom kulturar aktualiserer med ein gong kulturomgrepet:
Kva er ein kultur?
Dette mangetydige omgrepet kan ha å gjera med felles etnisitet, religion, språk, tradisjon/skikkar, normer for fellesskap og oppførsel - ein av desse komponentane eller to eller fleire i kombinasjonar, forklarar Brynjulv Ivar Gjerdåker, ansvarleg for den nye mastergraden.

Både fulltid i Volda og som nettstudium
Studieprogrammet høver først og fremst for kulturinteresserte studentar med historie eller religionsvitskap som basisfag i bachelorgraden. Men det er ope også for andre med tyngdepunkt i ulike samfunns- eller humanistiske fag.
- Historisk institutt har i fleire år hatt mange nettstudentar, derfor organiserer vi også masterstudiet slik at det skal høva både for campus- og nettstudentar, understrekar Gjerdåker.

Utvikling av tradisjonelle fagmiljø
Ressurspersonar frå både Avdeling for humanistiske fag og Institutt for religion, livssyn og kristendom utgjer eit solid fagmiljø, og dette har lagt grunnlaget for eit felles og tverrfagleg mastergradsprogram i kulturmøte.
I godkjenninga frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) fekk fagmiljøet ros for særs godt grunnlag og førehandsarbeid i utviklinga av programmet.

"Clash of civilizations"
- For nokre representerer "kultur" noko fast omgrep, medan det for andre vert meir flytande eller varierande.
"Kultur" kan brukast om det som er felles, samlande eller fruktberande, men i også om det skiljande eller konfliktskapande, forklarar Gjerdåker vidare.
- Eit døme er omskjæring av jenter som i Noreg i dag er truleg samlande og identitetsbyggjande sett frå somaliske og kenyanske normberarar si side, men konfliktutviklande sett frå etniske nordmenn si side.
Den sistnemnde forståingsmåten kan sjåast i lys av kulturmøte i større perspektiv der til dømes "Clash of civilizations-teoriar" gjer dette til ei svært samansett, men veldig interessant problemstilling.

clash520

Brennpunkt Midtausten
Eit av dei valfrie emna er kalla Brennpunkt Midtausten. Denne regionen er møteplass for både verdsreligionar og verdssivilisasjonar, og er eit storpolitisk brennpunkt i vår tid.
Elles vel studentane mellom Vest-Noreg og Nordsjøregionen og Al-Andalus, eit emne som har det mauriske Spania som tyngdepunkt. Her er politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder hovudperspektivet.

I tillegg kan studentane velje Nasjon, kultur og religion og Vitskapsteori og metode, som skal danne det faglege utgangspunktet for arbeidet med dei andre modulane og masteroppgåva. Det vil kvart år bli gjeve tilbod til kandidatane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.

Du kan lese meir om mastergradstudiumet i studiekatalogen
[http://hivolda.studiehandbok.no/vis/katalog/KULMMG]

Del på