Nytt barnevernsstudium med minoritetsperspektiv

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

af50cad16cf9397802023098c6f5e6c7

Studiet Barnevern i et minoritetsperspektiv er eit samarbeid mellom HVO og Høgskolen i Lillehammer (HiL). Det er eit vidareutdanningstilbod på masternivå som er etablert som eit ledd i Barne- og likestillings-departementets (BLD) satsing på eit meir kunnskapsbasert barnevern. Det skal gi tilsette i barnevernet kunnskap som styrker deira ferdigheiter i møte med barn og familiar med minoritetsbakgrunn.

Her kan du lese meir om studiet og søke opptak.

Auka behov

Jan Einar Flø, leiar for Institutt for sosialfag ved HVO, er glad for å kunne tilby det nye studiet som tek opp høgst dagsaktuelle problemstillingar. Han vart sjølv kontakta av Brynhild Solvang, barnevernssjef i kommunane Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein, som ville høyre om moglegheitene for å få ei slik vidareutdanning til Volda.

– Behovet for kompetanse på dette området er ifølgje Solvang stort, og det har ikkje vorte mindre det siste året med bakgrunn i flyktningstraumen til Europa, seier Flø.

Først på Vestlandet

I Lillehammer har dei hatt dette studiet i fleire år og dei var positive då HVO ønskte å gå inn i eit samarbeid om å tilby det. Barnevern i et minoritetsperspektiv er eit satsingsprosjekt der berre fire institusjonar i heile landet har fått i oppdrag å tilby det.

8260680776fd8b3f1dcca52dd8bcb7b8

– Vestlandet har ikkje vore representert tidlegare. Vårt mandat er å serve regionen vår med riktig kompetanse og difor vil vi tilby denne vidareutdanninga som det er eit voldsamt behov for. På den måten styrkar vi også vår legitimitet til barnevernsfeltet. Høgskulen har brei kontakt med praksisfeltet og svært utbredt samhandling med dei, seier Flø og legg til at instituttet har 110 studentar som er ute i praksis i fire månadar kvart år.

mogleg del av master

Barnevern i et minoritetsperspektiv er eit deltidsstudium som tel 15 studiepoeng og har oppstart hausten 2016. Opptakskravet er bachelorgrad i helse- og sosialfag eller tilsvarande, og ein må vere tilsett i ei stilling knytt til barnevern.

– Vi vil også syte for at dette emnet vil kunne gå inn som eit valfritt emne i mastegraden Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering, for dei som ønskjer det, fortel Flø.

Undervisninga er samlingsbasert og går føre seg over tre samlingar a tre dagar, der den første er i Oslo og dei to siste i Volda. Studiet er delt inn i tre hovudtema:

  • Migrasjon, minoriteter og det fleirkulturelle samfunnet
  • Samhandling mellom barnevernet og minoriteter
  • Kritisk refleksjon i barnevernsarbeid med barn og familiar med minoritetsposisjon

eigne erfaringar sentralt

Det er lagt vekt på at det skal byggje på studentane sine erfaringar frå eige yrke. Studentane sitt arbeid med eigne problemstillingar om utfordringar i praktisk barnevernsarbeid er sentralt i studiet. Elles er relevant forsking og innføring i å kritisk anvende barnevernsfaglige kunnskapar og arbeidsmåtar sentralt. Undervisninga er forankra i et minoritetsperspektiv, dvs. bevisstheit og kunnskap om forholdet mellom minoritet-majoritet og dei ulike utfordringar og problemstillingar dette kan bety for arbeidet i barnevernet. Det vil særleg verte fokusert på korleis kultursensitivitet er ein føresetnad for god kommunikasjon og samhandling.

Søknadsfristen er 15. april, men det vil vere mogleg å søkje etter fristen og få opptak dersom der framleis er ledige studieplassar.

Del på