Opa gjesteforelesing om nordirske veggmåleri

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Domhnall Mitchell (fornamnet er den opphavlege irsk-gæliske stavemåten for namnet Donald, og blir uttala som dette) har sjølv vakse opp i Belfast, forklarar Kjetil Myskja ved Engelsk institutt.
- Forelesinga vil bli rikeleg illustrert med bilete av slike veggmåleri. Alle interesserte studentar, tilsette ved høgskulen, lærarar i grunn og vidaregåande skule og andre er hjarteleg velkomne. Forelesinga vil bli gjeven på engelsk.

Samme dagen, mellom 09.15 – 11.00 (12.00) vil Mitchell forelese for engelsk årseining om dikt av dei amerikanske diktarane Emily Dickinson og Walt Whitman i Aasen-auditoriet. Dette er ei vanleg, pensumrelatert forelesing - ho vil likevel vere opa for eventuelt andre interesserte.

Domhnall Mitchell har Ph.D. frå Trinity College Dublin (1990). Han har arbeidd i Trondheim frå 1991 (professor frå 1999).

Emily Dickinson står sentralt i hans faglege interesseområde.

Mitchell har publisert ein rekke artiklar og bøker om m.a. amerikansk og irsk litteratur, m.a. bøkene Emily Dickinson: Monarch of Perception (2000) og Measures of Possibility: Emily Dickinson’s Manuscripts (2004), begge på University of Massachusetts Press i 2000.

Untitled-2
Belfast Piece Wall, photo by Nznomad

Del på