Språkteneste frå Engelsk institutt ein suksess

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

howard_max

- Aktiviteten har auka etter jul også, med oppdrag frå fleire avdelingar og kontor i høgskulesystemet.

- Spesielt den auka internasjonaliseringa i sektoren syner behovet for både språkvask og omsetjing, forklarar Medland.

Krav til fleirspråkleg informasjon
Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda har fått god hjelp, men i tillegg er forskarar og andre tilsette i større grad aktive med engelske foredrag, tekstar og ulike bidrag.

- I høve Ibsen-året har eg vore involvert i eit foredrag som skal haldast i London, bidrag til eit engelskspråkleg leksikon og innlegg i ei internasjonal mediekonferanse ved UiO, fortel Howard.

- Men også trykksaker og reglement til Studentsamskipnaden, IT og ulike publikasjonar til Internett har vi vore gjennom.

- Spesielt med tanke på Internett er fleire instansar avhengig av å stette internasjonale krav om fleirspråkleg informasjon og krav om dokumentasjon på engelsk, seier Howard, og inviterer alle til å ta kontakt for engelskteneste.


Les meir på www.hivolda.no/engelskteneste

Del på