Symfoniorkesteret på miniturné
Denne helga kan du få med deg vakre tonar frå Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda saman med Høgskulekoret i Volda. Dirigent Rune Bergmann lover høgdepunkt frå året som gjekk under vårkonsertane.
Vårturneen startar i Ørsta kyrkje laurdag lokka 18.00 og avsluttast i Spjelkavik kyrkje søndag 18.00.
Dirigent Bergmann gledar seg til konsertane og fortel at symfoniorkesteret og koret spissar formen mot plateinnspeling neste veke.
- Neste veke skal me i løpet av tre dagar spela inn juleplate som skal vera klar til desember i år. Dette vert eit ekstremt omfattande prosjekt, men det skal bli veldig bra.
Bergmann fortel at Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har vore så heldige å få med seg Bjørn Johan Muri og Magne Fremmerlid som solistar på plateinnspelinga. Muri er kjent frå Idol 2007, mens Fremmerlid er den fremste songaren ved Den Norske Opera.
Solistar frå høgskulen bidreg også som solistar på plata.
Nærnett og Nærsynet kjem til å dekkje konserten i Ørsta kyrkje og plateinnspelinga neste veke.