Austral-asiatiske kulturstudium: - Det var heilt fantastisk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sande reiste først og fremst fordi Australia alltid har lokka henne, og sidan ho hadde høyrt mange snakke varmt om AA-studiet, var avgjersla om å reise lett å ta.

- Det var så bra studiemiljø, fortel 21-åringen. Halvparten av dei eg reiste med kjende eg frå før, men vi blei raskt kjende med resten også. Vi var ein svært sosial gjeng, presiserer ho.

- Menneska i den australske kulturen var så snille, hjelpsame og opne, seier Anniken. Spesielt var vertsfamilien og dei lokale innbyggarane gode å ha.

f0c6446b60cf96dad59b97a522052188edece118
Foto: Privat. F.v. Anniken Skeimo Sande (21) og studievenninna hennar får middag av ei japansk familie.  

Mykje å hente
Lørenskog-jenta har lært utrulig mykje på tur. Forelesingane har vore svært bra, skryt ho, spesielt fordi dei har medverka til kunnskap som ho ikkje hadde fått utan å vere på studietur. Likevel har ho lært mest av det ho har blitt fortalt av andre. Dette gjeld både menneska det var arrangert at studentane skulle snakke med på reisa, men også tilfeldige som dei møtte på. 

- Eg får brukt mykje av det eg har lært. Det er slik at når ein lærer noko nytt, opplevast det nærast som om det dukkar opp over alt, forklarar Anniken. Ein får eit større perspektiv på ting, og eg ser samanhengar som eg ikkje ville gjort før.

På ei sånn reise kan ein hamne i mange rare og uvanlige situasjonar.

- Her heime ville eg nok aldri snakka med tilfeldige folk på ein slik måte. I Noreg er det svært annleis. Her sit ein gjerne på bussen og stirar rett framfor seg, utan å veksle eit ord med sidemannen, skildrar journalistspira. I utlandet er det ikkje slik, kan Anniken stadfeste.

Målretta oppgåveskriving
Studentane som tek AA-kulturstudium må levere to arbeidskrav, ei mindre og ei større skriftleg oppgåve. Anniken skreiv i første oppgåva ei samanlikning mellom aboriginarar (australsk lokalbefolkning) og norske samar. Det største arbeidskravet dreia seg om samfunnsproblematikk i Australia, der temaet var ”Kvinner i aboriginsk kultur før og no”.

- Det var i grunnen reiseplanane etter oppgåveinnleveringane som motiverte meg mest til å stå på og bli ferdig. Målet mitt var å kunne oppleve og sjå mest mogleg. Studier kombinert med reising er heilt klart den beste måten å lære på, meiner den omstreifa studina.

Eit studium i utlandet kan gi ei oppleving av at det er enklare å studere på grunn av auka motivasjon, nettopp fordi ein kjem seg vekk i frå kvardagslivet ein er van med, trur Anniken. Ho opplevde AA-studiet som svært inspirerande og lite stressande, i forhold til det å studere i Noreg.

- Ein lærer å vere sjølvstendig og ein lærer ting på ein heilt annan måte. Eg kjem aldri til å gløyme den kunnskapen eg fekk på AA-studiet, understrekar Anniken.
    
Fritidssyssel
Stikkord som utflukter, strand, kortspel og fellesskap er noko av det 21-åringen framhevar.

- Vi koste oss veldig. Vi reiste ein del på eiga hand og nytta høvet til å sjå andre stadar. Eg følte meg straks som heime, kanskje fordi vi trena, laga middag og studerte, nett som i Noreg.

Språket
For Anniken gikk det smertefritt å studere på engelsk.

- Eg merka snart at språkferdigheitene mine blei betre, og det var aldri noko problem å forstå kva som blei sagt, seier Anniken.

Reiseblogg
Det er stadig fleire som vel å skrive blogg medan dei studerar i framandt terreng. Sjølv var Anniken ein flittig bloggar i starten, før det blei mindre tid til slikt.

- Bloggen måtte til slutt vike for arbeidskrav og ønsket om fleire opplevingar, fortel Lørenskog-jenta ærlig.

Den medreisande venninna hennar, Lotte Bråthen, heldt også nysgjerrige sjeler heime i Noreg varme med oppdateringar frå reisa og studia. På nettadressa http://lotteseventyr.blogspot.com kan du lese om korleis ho opplevde AA-studiet hausten 2009.

- Det var heilt spesielt
Anniken har opplevd mykje og synast det er umogleg å heve nokre opplevingar over andre. Likevel er det hendingar som sit ekstra sterkt i minnet, deriblant byen Tokyo i seg sjølv og familiebesøket med ei japansk familie.

- Vi måtte då bruke kroppsspråk, mime og repetere dei få japanske glosene vi kunne, seier Anniken lattermildt. Det var kjempekoselig og dei i familien var så søte, så gestikuleringa la inga demping på stemninga.

Stemningsfylt påfunn
Ein dag valde nokre av jentene å sove i telt på stranda i Byron Bay (Australia), omfatta av nærast 200 funklande telys nedgravne i små sandgroper. På kvelden kom resten av studiekameratane på besøk.

- Dette var heilt fantastisk, mimrar Anniken. Vi sat der som ein gledelig leirbålgjeng, og heilt plutselig kom månen opp på himmelen, den steig nemlig ekstra fort der nede. 
    
Føler seg rikare
- Eg har kunnskapen med meg og eg føler meg rikare på erfaring. Eg visste ikkje så mykje om verken Australia eller Japan før eg drog, anna enn det ein høyrer om via media, som t.d. skogbrann, sport og haiangrep, innrømmer Anniken. Det er veldig fint og noko heilt anna å oppleve kulturen sjølv, understrekar ho.

Anniken synast det viktigaste av alt er det ein sit att med i etterkant. Tanken på at ein får 30 studiepoeng for å sjå verda, og samstundes lære mykje i eit ”ferdigspikra” opplegg eigentleg er heilt utrulig. 

- Nokre gongar var det så bra at eg måtte ta meg ei pause og klype meg i armen, som ein slags ”reality check”, forklarar ho. Eg vil difor oppmode så mange eg kan til å reise. Eg har ikkje angra eitt sekund, og det er no ein har sjansen til å gjere noko slikt. Ikkje la den gå frå deg!  

Les meir om Austral-asiatiske kulturstudium her:
http://www.hivolda.no/index.php?ID=12891

Hugs søknadsfristen som er 1. mars.

Lurer du på noko vedkomande Austral-asiatiske kulturstudium, eller noko anna, kan du ta kontakt med Sylvi Gulla Hovdenakk eller Stephen Darren Dougherty.

Del på