Til deg som har søkt studieplass
15. april var frist for å søke høgare utdanning gjennom Samordna opptak. Lurer du på kva som skjer med søknaden din framover, når du får tilbod om plass og om det er noko meir du må gjere? Her finn du vegen til svara, samt informasjon om det lokale opptaket ved Høgskulen i Volda.

Samordna opptak har laga ei samleside med spørsmål og svar knytt til søknadsprosessen. Her finn du svar på når du får stadfesta plass, kva du må gjere når tilbodet kjem, om og når du må ha politiattest, og liknande.
Ombestemt deg? Fram til 1. juli kan du omprioritere rekkefølga på utdanningane du har sett opp. Elles er det primært å takke ja eller nei til studieplass når tilbodet kjem seinare i juli som gjelds. Og å byrje å gle seg!
- Her kan du lese meir om å vere student i Volda
- Vert du fulltidsstudent ved Høgskulen i Volda, er studiestart 15. august
Mastergrader, etter- og vidareutdanning
Det er også ein del av studietilboda ved Høgskulen i Volda du søkjer lokalt hos oss. Gjennom vår eigen Søknadsweb kan du søke til mastergrader, Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), nettstudium, enkeltemne og vidareutdanning.
På nettsida til dei ulike studietilboda til høgskulen finn du søknadsfristen, og etterkvart informasjon om start for undervisninga. Dersom studiet har "løpande opptak", er søkinga open til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.
Ved spørsmål om opptak kan du kontakte oss på epost eller telefon 70 07 50 18.
Velkomen til Volda!