- Både underhaldande og lærerikt!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

fce1446f2f3473a149c0624717089503d75e5e70
Torfinn Madssen vert instruert i fleirkamera-produksjon

Torfinn Madssen har både vurdert å bli lærar og lege, då han likar å jobbe med menneske. Yrkes- og karrieredagane synest han at gav eit underhaldande innblikk i det høgskulen driv med:

-Eg synest dette er ei form for informasjon til oss ungdomane som er både underhaldande og lærerik. Som eit resultat trur eg at ein kjem til å gjere betre og meir informerte val om eiga framtid og om vidare utdanning. Kanskje vi elevane ikkje tenker så mykje på vidare utdanning akkurat i dag, men når tida kjem og ein må velje ei retning, vil nok arrangement som dette bidra til å skape eit godt fundament for valet.

Dei to elevane likte særskild godt posten som avdeling for kulturfag hadde laga til. Der deltok dei i videoproduksjon, og kunne på fleire plassar delta i morosame aktivitetar innan foto, drama, friluftsliv og kunst og handverk. Madssen var imponert over at elevane kunne delta såpass mykje.

652a90ddf6648f6b6bba02050ded2caae66e95ac
Øystein L. Eldholm deltok også i fleirkamera-produksjonen

-Eg synest dette var veldig underhaldande. Her kan ein gå rett til det ein interesserer seg mest for, og ein slepp å delta på ting ein ikkje likar like godt. Dette gjer at ein har det morosamt samtidig som ein lærer noko om høgre utdanning. 
Øystein Eldholm var samstemd, og likte godt måten arrangementet la til rette for deltaking på.

-Eg synest dette er eit veldig bra tiltak som synleggjer kva ulike yrker ein kan velje, kva ein kan bli. Idrett og friluftsliv appellerar til meg, og eg kjem til å nytte meg av høvet og snakke med elevar frå linja som står her i dag. Eg veit ikkje heilt kva eg skal bli enno, men idrett og friluftsliv verkar som ei bra utdanning for meg. Vi lærte ein del om dei fleste utdanningar, noko som var veldig bra.

Eit bra tiltak for elevane

1aee582fd5cf32e0e3dad2eec0bb671879c65e9f
Lærar Liv Åm synest at Yrkers- og karrieredagane var eit bra tiltak.

Lærar på Volda vidaregåande, Liv Åm, synest Yrkes- og karrieredagane var eit bra tiltak, som evna å engasjere elevane frå vidaregåande.

-Det var fint for elevane at dei kunne delta, og ikkje berre måtte lytte på informasjon. Dette var særskild bra på avdeling for kulturfag. Eg trur absolutt dette arrangementet kan vere noko å satse på for framtida, og då det umiddelbart kan sjå ut til å ha mest relevans for avgangselevane på vidaregåande, har det også mykje å seie for førsteklassingane, då dei snart skal til å velje retning, såkalla programfag.

Tekst: Øystein Espe Bae
Foto: Eirik & Audun


Gå til bildegalleri på Høgskulen sine heimesider. Du kan også sjå Smp.no sitt bildegalleri frå dagen.

Del på