I dag opnar Veka!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Vekerevyen får æra av å vere startskotet for det ni dagar lange arrangementet. ”Operasjon galskap” skal trimme publikum sine lattermusklar på Rokken.

– Alle har øvd og jobba knallhardt med revyen dei siste vekene, så vi vonar revyen vert bra, seier revysjef Pernille Dvergedal. Revyen handlar mellom anna om dei mange utfordringane livet gir når ein er student i det revyen kaller ”Voldabobla”.

 

bobla
Vekerevyen med "Operasjon galskap" har premiere i dag (Foto: Veka).

 

Elvira i kyrkja

Forutan konsert med dynamitten Surferosa laurdag vil Elvira Nikolaisen senke roa over Volda-publikumet med kyrkjekonsert søndag kveld.

– Vi synest det er flott at Volda kyrkje ynskjer å samarbeide med Veka, seier leiar for Veka, Camilla Vik. – Dette gir oss høve til by på ei anna konsertoppleving og stemning enn vi kan skape i eit konsertlokale. Kyrkjekonserten med Elvira Nikolaisen er med på å gje variasjon i programmet.

Noregs mest morosame mann

Etter stemningsfulle tonar med Elvira Nikolaisen søndag, vil det i staden bli latter og ironi når Are Kalvø gjestar Veka på måndag. Noregs fremste nynorsksatirikar var med under Veka for åtte år sidan, då han med stor suksess la ut om harryfaktoren i Volda. Og populariteten har tydelegvis ikkje blitt mindre sidan den gongen. Billettane til denne framsyninga har gått unna.

Den siste fredagen under Veka er det konsert med to gode live-band, nemleg Katzenjammer og Disciplines. Sistnemnde band består av alle gutane i Briskeby med tidlegare R.E.M-medlem og The Posies-vokalist Ken Stringfellow som frontfigur.


For meir informasjon om programmet: www.veka.no

 

Del på