– Eg angrar ikkje på at eg valde å studere Idrett i Volda!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1d49c87b24780431cb94314139b5524b502b1726

Foto: Frå arkiv. F.v: Rebecca Batts og Marte Brautaset held seg i form på tredemølla.

– Sunnmøre byr på vakker natur og har eit mangfald av idrettar å lokke med: handball, fotball, volleyball, symjing, dans/ballett, gode skitilhøve, klatring og meir, stadfestar Marte.

– Det var ikkje tvil om at eg ville ta eit studium innan idrett eller helse. Spørsmålet var berre kvar, fortel idrettsstudenten. Sidan eg også kjem herifrå, var svaret enkelt.

Interesse for idrett
Sjølv er Marte ganske sikker på at ho vil halde fram på dette fagområdet.

– Eg interesserer meg for tema som kosthald innan idrett og fysisk aktivitet, idretts- og belastingsskadar, fysisk aktivitet og også kosthald i samband med spiseforstyrrelsar, overvekt og sjukdommar. Så her er det mange vegar å gå, seier 20-åringen.

Ein tanke som har streifa meg, er å halde fram på andre og tredje året på Noregs idrettshøgskole (NIH), og så får eg sjå kva som skjer vidare.   

– Eg har hatt eit supert år der eg har fått gjere det eg likar best: å drive med fysisk aktivitet. Vi har så flotte treningstilhøve her i Volda – både innandørs og utandørs. Eg angrar i alle fall ikkje på at eg valde idrett i Volda.

Studentmiljø
Studentmiljøet er ikkje til å klage på, forsikrar Marte. Klassene er så sosiale og samansveisa, og for meg synest alle å vere glade og nøgde. Det at vi er mykje saman gjennom aktivitet, har nok innverknad her, meiner ho.

– Vi turnar, driv ballspel, dansar og spring orientering i skuletida. I tillegg dreg vi på turar i løpet av året, der vi overnattar i hytter, på hotell eller i telt. På grunn av det er ein saman heile tida og vert dermed meir kjende med kvarandre, også utanfor skulen, legg ho til.

Variasjonsbreidd i aktivitetane
Ein treng ikkje vere verdsmeister i aktivitetane vi skal gjennom, oppmuntrar Marte. Ho trur at dei fleste vil føle at dei får utvikle seg litt i kvart emne.

–  Vi er innom så mange ulike idrettar og aktivitetar.

65ef5da81850fcc86f19c7fc8d07f58d020213cc

Foto: Frå arkiv. Basketball er ein av aktivitetane idrettsstudentane får trening i. Her er nokre av dei i Idrettsbygget. 

– Det er eit mangfald også blant elevane. Nokon er gode i noko, medan andre er gode i noko heilt anna, fortel Marte.
Alle skal òg gjennom instruksjon og praktisk, motorisk opplæring ("PMO") i løpet av studieåret. Slik får alle prøve lærar/instruktør-rolla. Dette synest Marte var artig og veldig lærerikt.

– Når vi er ferdig med ein idrett, til dømes handball, brukar nokre lærarar å ha ei avslutning i idretten. Vi hadde t.d. handballturnering med begge gruppene i lag, noko som var både vellykka og gøy! I turn blei vi avslutningsvis inndelt i grupper for å lage turninnslag med både dans, musikk og kostymar.

– Dette er veldig kjekt, seier Marte.

Søknadsfristen er 15. april.

Vil du vite meir om idrettsstudiet, kan du følgje denne lenkja 

Klikkar du deg inn på det enkelte studium på nettstaden vår, finn du også kontaktinformasjon til dei fagansvarlige.

Del på