Fadderveka godt i gang!
Det kryr av studentar på campus. Eit av høgdepunkta ved studiestart er fadderveka, med eit utvalg av aktivitetar og arrangement for ei kvar interesse. Kvifor fadderveke? Marte Grøndal (19) og Heidi Aasen (21) har engasjert seg som fadderar og har svaret!
Fadderordninga har vore eit fast innslag i studentmiljøet i Volda i fleire år. Fadderane skal hjelpe til å gjere starten på studieopphaldet så bra som mogeleg.
Marte og Heidi meldte seg som faddarar for å bli med på det som skjer.
Fadderveka gir ein god start
Fadderane er studentar som har studert her i eitt eller fleire år. Det vert ei rekkje sosiale arrangement og konsertar, og først ut er rebusløp som viser kva Volda har å by på.
- Det var for moroskyld eg meldte meg som fadder, og eg synes det ser kjekt ut. Eg var sjølv ny student i fjor og med på fadderveka. Ein må det!, seier Marte.
- Det er viktig å bli med og få med seg det som skjer. Fadderveka gjer det lettare å bli kjent, for fest og moro gjer ein kanskje litt mindre sjenert. Dessutan er det mange i same situasjon, og vi som er fadderar er litt meir husvarme, seier Heidi.
Dei er begge einige om at det er godt å vere tilbake i Volda. Marte skal starte på bachelor i informasjon og media, medan Heidi er på andre året.
- Eg gler meg til å komme i gang, treffe medstudentar og bli kjent med nye menneske, avsluttar Marte.
På www.hivolda.no/fadder finn du programmet for fadderveka.