Førehandsrøysting for studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Er du student ved Høgskulen i Volda, bør du merke deg følgjande. Dersom du ikkje har høve å møte fram i vallokalet måndag 10. september, kan du røyste på førehand.

Det vert høve til å førehandsrøyste ved Høgskulen i Volda onsdag 5. september kl. 10.30 – 14.30. På Volda rådhus vert det mottak av førehandsrøyster alle kvardagar frå kl. 09.00 – 15.00.

For deg som røystar i anna kommune enn der du er manntalsført, må det gjerast i god tid, fordi røystesetelen må sendast gjennom posten til heimstadkommuna di innan valdagen.

Hugs å ta med legitimasjon. Du kan også ta med valkort, dersom du har fått eit slikt tilsendt frå di kommune.

Del på