Framleis store sjansar for å bli valt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Eg kan verkeleg ikkje forstå kvifor så få vil vere med i studenttinget. Det er trass alt ikkje meir enn nokre få timar i løpet av året du melder deg for, fortel Bachmann, - men då reikner eg ikkje med dei sosiale tilstelningane som til dømes julebordet og oppstartsseminaret i Ålesund.

Bachmann fortel at å vere med i studenttinget sannsynlegvis er den beste måten å påverke korleis kvardagen til studentane ved høgskulen er. Det beste dømet på dette er fadderveka som studenttinget står bak.

Om du trur du må ha brei politisk erfaring for å vere med i studenttinget, tek du feil. - Vi har enno ikkje takka nei til nokon fordi dei har vore for dårleg kvalifisert, fortel Bachmann.

 

Meld deg no!

Del på