Har du lyst å reise og studere samstundes?
Austral-Asiatiske kulturstudium er kanskje Noregs sprekaste studietilbod, og er kun for deg som studerer ved Høgskulen i Volda (HVO).
- You get to see the world together with a cultural exchange, seier Tengyo Kura (Pokemòn)
Studiet passar inn i dei fleste bachelorgradene ved høgskulen, og er eit samarbeid mellom HVO og Griffith University i Brisbane. Du må ha tatt minst 60 stp. ved HVO før du reiser ut. No er søknadsfristen utvida til 12. mars
Gjesteforelesar Samadi frå Malaysia les i livslinjene til ein student
Etter ei veke i Volda ved studiestart, set studentar og lærarar kursen for Malaysia og Kuala Lumpur. Her får dei oppleve malaysisk kultur og besøke Limkowing universiteta, før det ber ut på ulike ekskursjonar.
Deretter set studentane kurs mot Brisbane og Griffith University: Queensland College of Art. Dei påfølgande seks vekene i Brisbane skal gi studentane eit innblikk i australsk kunst og kultur, religion, historie, politikk, utdanningssystem og velferd i forhold til Australia som eit multikulturelt samfunn.
Etter seks intense veker går turen til Japan, og mange synes kanskje dette er høgdepunktet i studiet. Det å få oppleve mellom anna Tokyo, Kyoto og Hirsoshima på nært hald sett sine spor. Siste stopp er Cairns i Nord Australia.
Tengyo Kura er frå Japan og skal vere med å vise litt av deira kultur.
Dette er ein unik sjanse til å oppleve Asia og Australia. Er du interessert? Les meir her