Idrettsstudentar instruktørar på Spenningskurset 2009

Denne veka er idrettsstudentar frå Høgskulen i Volda på Bjorli som instruktørar for det 17. spenningskurset i rekkja. Arrangementet består av ei veke med opplevingar, fart og spenning for barn og ungdom med ulike hjelpebehov.

Tekst og foto: Fredrik Malmo, idrettsstudent ved Høgskulen i Volda.

133c89233c642ed243caf420774960ba64afc022
Skikøyring under årets Spenningskurs.

Årets kurs har med 157 deltakarar, den største deltakinga så langt i historia. Studentane frå årsstudium i idrett ved Høgskulen i Volda har som oppgåve å leggje til rette for utfordrande og spennande aktivitetar for deltakarane.

Kurset er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Vestnes kommune, Møre Folkehøgskule og Idrettens Studieforbund Møre og Romsdal.  

- Eitt av måla med kurset er at alle skal komme seg ut i naturen. Derfor blir aktivitetane tilpassa ut ifrå føresetnadene til kvar enkelt, fortel studentane.

Alpint, snø-rafting, klatring, taubanekøyring, turar med hundeslede og bålkos i lavvo er nokre av aktivitetane som blir arrangerte på Spenningskurset 2009. 

e90d7ca46f3effd0616301acb051686646bc5779
Hundekøyring for store og små.

- Nyttig med praktisk erfaring
Studentane som er med som instruktørar fortel om ei kjekk og lærerik erfaring så langt.

- Det er svært nyttig for oss som idrettsstudentar å få kunnskap om gjennomføring av aktivitetar for menneske med særskilde behov for tilpassa fysisk opplæring. Deltakarane har ulike behov for hjelp og instruksjon. Som instruktørar skal vi hjelpe til med alt ifrå å sitje i lavvoen og grille pølser, til å køyre ski i skitrekket og vere med på snø-rafting, forklarar dei unge instruktørane.

Det er dei positive opplevingane som står i sentrum under kurset, og det vert lagt vekt på det sosiale gjennom heile veka. For mange av deltakarane er også flytting av eigne grenser eit mål.

- Vi som instruktørar skal hjelpe til og gjere det mogleg. Det gjeld å tenkje positivt, seier dei engasjerte instruktørane.

Få dagleg oppdatering på heimesida til Spenningskurset.

0681ebf8d3154a019b67d76af5819692c157f0ba
Rekordmange deltakarar møtte opp til Spenningskurset 2009.

Del på: