Internasjonal dag – fargerik og smakfull

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dagen starta kl. 11.30 med ei fanfare før dagen offisielt vart opna av rektor Jørgen Amdam. Alle studentane vart deretter invitert til ei orientering om internasjonalisering. Studentar, Internasjonalt kontor og representantar frå ANSA var tilstades for å utveksle kunnskap, erfaringar og gode råd om kvar og når ein bør reise, korleis opphaldet kan finansierast m.m.

Sidan det blir lagt aukande vekt på at ein har gode språkkunnskapar, eit internasjonalt nettverk og forståing for andre kulturar, er det attraktivt å ha høve til å ta delar av utdanninga i utlandet. Studentar ved høgskulen kan velje mellom 140 partnarar i meir enn 40 land, noko som gjer at HVO er i tet imellom høgskulane i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. Internasjonalt kontor oppmoda studentane til å sjekke ut muligheitene på sitt studieprogram og samarbeidspartnarane.

Frå kl. 13.00 kunne konferansier Ellen Flå presentere eit fargerikt program med musikk og underhaldning frå ulike verdsdelar, og ikkje minst den populære internasjonale lunsjen. Mange studentar tok turen innom dei mangfaldige stands, der dei fekk smaksbitar frå ulike nasjonalitetar.

Sjå bilete frå dagen her:

overblikk2

musikk_2

stand1

stand2

stand3

Untitled-1_1

lunsj

Del på