Internasjonalt utval i Baltikum

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Første stopp for dei reisande frå Høgskulen var Litauen, der dei besøkte to av partnaruniversiteta, Lithuania Christian College  og University of Klaipeda.  Ved begge desse institusjonane var det ei enorm interesse for å vidareutvikle samarbeidet med Høgskulen.

- Både lærarar og studentar har meldt si interesse for å ha eit studieopphald i Volda. Vi vitja dei ulike avdelingane og kan melde at til dømes fakultetet for musikk var nærast overentusiastiske ved tanken på felles prosjekt og utveksling, fortel ein oppglødd leiar av internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen.

internasjonalutvalg

Rune Aasen, Sissel Midtlid, Ingun Klepp, Kjell Holby og Iulia Beleuta, Cecilie Wilhelmsen, Aida Murariu og Hans Martin Dypvik. (Rektor Jørgen Amdam dro tidligare tilbake til Noreg).

Jugendbyen Riga

Frå University of Klaipeda, gjekk ferda med buss til hovudstaden i Latvia, Riga.

- Bussturen tok om lag fem timar, og gav oss eit inntrykk av landsbygda både i Litauen og Latvia. Det som slo oss var mellom anna kor flinke dei var til  å  nytte  kvar minste grøne plett til å dyrke matvarer, seier Cecilie Wilhelmsen.


hus
Frå universitetsbyen Klaipeda i Litauen.                                   (Foto: Cecilie Wilhelmsen)

 

I Riga besøkte utvalet to av partnarane til Høgskulen, Latvijas Culturas Akadmija (med felles prosjekt på gong) og Jāzeps Vītols Latvian Academy of Music.

- Musikkakademiet er ein heilt rykande fersk partnar som vi ventar oss mykje av. Dei er tidlegare partnarar med Musikkhøgskulen i Oslo, og Høgskulen i Volda blir såleis partnar nummer to i Noreg. Det er vi stolte av! Alt frå hausten kan musikkstudentar frå Volda ta eitt semester i den spennande jugendbyen - på ein måte ein av storesystrene til Ålesund, fortel Wilhelmsen.

Spennande partnar i Tallin

Etter eit intensivt og hektisk døgn forlèt dei reisande Riga, og drog nordover til Tallin. Her venta Andres Mänd frå Avdeling for mediefag, og sytte for ei utforgløymeleg helg. I Tallin besøkte dei mellom anna eit av partnaruniversiteta, Estonian Academy of Arts 

- Dette er også ein spanande partnar, ikkje minst innanfor dei kreative faga, som animasjon, kunst og handverk og design, seier Cecilie Wilhelmsen.

artt_tallin
Ein student i djup konsentrasjon ved Academy of Arts i Tallin.

Alt i alt ein svært vellukka studietur for Internasjonalt utval med tre studentrepresentantar i følgjet, ein tur som kjem Volda-studentar og tilsette så vel som internasjonale studentar og tilsette frå dei baltiske landa til gode.

Del på