Kriminalitetsforebygging – Vellukka studietur til Wales

I veke 14 var studentar og tilsette ved Høgskulen på studietur i Swansea og Bridgend i Sør-Wales. Studieturen var tredje studiesamling på masteremnet i Kriminalitetsforebygging.
- Studentane var svært nøgde med opplegget og utbytet av studieturen, fortel fagleg ansvarleg, Alf Roger Djupvik.

Gjennom veka har studentane fått presentert ulike sider av kriminalitetsførebygginga i Swansea og Bridgend. Tirsdag 1. april vitja dei kriminologimiljøet ved University of Wales i Swansea, og fekk lære om ulike sider av kriminalitetsførebygging.  John Minkes føreleste over temaet ”Youth Justice Strategies”, der han tok føre seg korleis ein har arbeidd med førebygging av kriminalitet blant ungdom i Wales. Maurice Vanstone har i ei årrekkje forska på unge lovbrytarar og korleis dei kan integrerast i samfunnet etter avslutta soning. Han hadde ei forelesing han kalla ”Assessing programme integrity” der han fortalde om korleis ein gjennom programverksemd i fengsel kan arbeide med lovbrytar.  Sue Roberts har som spesialfelt seksuelle overgrep mot kvinner og heldt ei interessant forelesing om dette emnet.

MAGASINbilde

Kjetil Riksheim og Hilde Langlo, to av studentane på masteremnet, var godt fornøgd med turen til Wales.

 

Dagen etter var det ekskursjon til partnarskapsorganisasjonen ”Safer Swansea”. Denne organisasjonen består av ei rekke offentlege og frivillige instansar som arbeider saman for å førebygge kriminalitet.

- Denne onsdagen vitja vi ein av desse instansane, nemleg ”The Youth Offending Team” som arbeider med generelle tiltak for førebygging av kriminalitet. Arbeidet deira er særleg retta mot unge lovbrytarar, og fokuserar på korleis ein kan hindre at dei utfører ny kriminalitet. Det var ein spennande dag der vi fekk møte fleire av dei som arbeider i dette teamet. Det heile var godt lagt til rette av leiaren Lynn Minshall, seier Alf Roger Djupvik.

Torsdag 3. april var det byen Bridgend som stod for tur, der første stopp var The Princess of Wales hospital. Bakgrunnen for dette var interesse kring sjølvmordsproblematikken blant unge. Studentane fekk møte leiaren av kriseteamet, Kevin James, som orienterte om bakgrunnen for sjølvmordsbølgja blant unge i Bridgend, og kva ein gjer for å ta tak i problemet. Seinare på dagen besøkte studentane Safer Bridgend Partnership, og fekk informasjon om det kriminalitetsførebyggande arbeidet i Bridgend, med særleg fokus på korleis politiet gjennom ulike prosjekt arbeider for å redusere og førebygge kriminalitet. Politikonstabel Gwyn Batten stod for orienteringa.

- Høgskulen har i ei årrekkje samarbeid med fleire kjende institusjonar i Wales, og det er mellom anna mogleg for studentar ved sosialarbeidarutdanningane å ha praksisplass i så vel Swansea som i Bridgend i 5. semester, avsluttar Djupvik.

 

Her finn du meir informasjon om masteremnet KRIM 311 Kriminalitetsforebygging.

Del på: