Ny Mentorutdanning i gang med aktive studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1100b9ff52dc94eb9a60b60c1a3edbd753bf8555

(F.v.) Biletet  er av Gerd Sylvi Steinnes og Ingrid Fossøy

Ragnhild Engeset spela ein folketone frå Irland og sette stemninga for studiet. Gerd Sylvi Steinnes frå HVO og Ingrid Fossøy frå HSF har vore prosjektleiarar og har æra for at studiet har kome i gang på rekordtid. Asvor Klokkehaug frå HVO og Kari Søndenå frå Universitetet i Stavanger (UIS) er i tillegg til Steinnes og Fossøy, førelesarar på studiet.

cd4e5d00456423b4447990b1334fe210391445bd

(F.v) På biletet er Asvor Klokkehaug og Ingrid Fossøy. 

Ifølgje Stortingsmelding nr. 11 skal kommunar og fylkeskommunar frå skuleåret 2010-2011 gi tilbod om rettleiing til alle nyutdanna lærarar i grunnskulen i og vidaregåande opplæring. For barnehageåret 2011-2012  skal alle arbeidsgivarar ifølgje Stortingsmelding nr. 41 gi tilbod om rettleiing til alle nyutdanna førskulelærarar i barnehagane. Mentorutdanninga er eit tilbod HVO gir til arbeidsgivarar i Møre og Romsdal fylke. Utdanninga gir 15 studiepoeng. Bente Vatne er fagleg ansvarleg for studiet.

1d06cf9b138e73be56727e2dc6092c05066edcfb

Aktive studentar på den nystarta Mentorutdanninag som er den første i sitt slag ved HVO.

Les eldre sak om Mentorutdanninga

Del på