Populært med praksisopphald i utlandet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det er ein populær del av sosialutdanningane at ein 3. året har tilbod om å ta praksisen i utlandet. Det er ulike årsaker til at studentane vil reise, og i førekant er det viktig å førebrede dei på kva som venter. Studentane som vil reise utanfor Europa må igjennom eit intervju på engelsk, dette for å sikre at dei er motiverte og klar over utfordringane, spesielt i Kenya og India. Praksisopphaldet varer i om lag 3,5 månadar, frå starten av september til midten av desember. Før utreise har studentane praksisførebreding, for å vere best mogleg førebudde på det som ventar.

 

_MG_6509_magasin

Ingunn Klepp er i

nternasjonal koordinator ved Institutt for sosialfag, og

er glad for at så mange studentar vil ta praksisen i utlandet.

 

 

Gode relasjonar til Kenya

- Vi har utvikla gode praksisplassar, mellom anna i Kenya, der vi har 3-4 ulike stadar. Der samarbeider vi med barnevernorganisasjonen Child Welfare Society of Kenya (CWSK), som har fleire barneheimar og ei verksemd retta ut mot samfunnet i landet. Det er som kjent vore uro i landet på grunn av valet, og det har vore nokre samanstøyt med fleire av stammane. I Kenya er det framleis meir enn 100.000 internerte flyktningar, som er plasserte i flyktningcampar i Nakuru. Desse campane ligg tett inn til praksisplassane, og vi har fått forespørslar frå CWSK som ønskjer våre studentar til flyktningleirane. I leirane er det stort behov for psykososialt arbeid blant barn, seier Ingunn Klepp.

I dag er det fred i Kenya, og innbyggjarane er svært opptekne av fred og demokrati. Det er eit faktum at det framleis er sår i landet, med mange huslause familiar og foreldrelause born. Studentane som reiser til Kenya blir ein del av sosialarbeidarane i landet, og vil arbeide tett med kenyanske arbeidarar. Organisasjonen er svært positive til at studentane skal hjelpe til.

- I flyktningcampane skal studentane mellom anna hjelpe med å registrere born, kartlegge behov som for eksempel skule og hjelpe born med å finne familiane sine. Vi er godt kjente i Kenya. I perioda 2003-2008 har det vore 50 studentar frå HVO. Partnarane i Kenya har også blitt godt kjende med oss og våre studentar, og det er viktig at vi tek vare på kontaktane, som også er rettleiarar for studentane under praksisperioda. Vi dreg på besøk til Kenya og inviterar dei hit til Volda, fortel Ingunn Klepp.

Det er mange som ønskjer praksisopphald i Kenya, og i år er det 9 studentar får reise. Ingunn Klepp dreg ein parallell til dei kenyanske utvekslingsstudentane her ved Høgskulen, som truleg har ei positiv effekt, og formidlar sin kultur og nasjonalitet ut til studentane. På internasjonal dag presenterte dei eit forrykande dansenummer, og kven fekk ikkje lyst til å oppleve og kjenne på energien?

Studentar til India

Også i India har Høgskulen eit tett samarbeid. Rettleiarane frå India har til dømes vore her og hatt førelesing for studentane. På internasjonal dag som vart arrangert 13. februar, var Jacinta DSouza frå School of Social Work Mangalore i India, tilstades.

- I år skal 6 studentar reise til India, og det er målet for kvart år. Vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå skulen der nede, som synes det er spennande med norske studentar. Det betyr mykje at vi held oppe kontakta, spesielt for vidare samarbeid. Det er også med å sikre kvaliteten på opphaldet til studentane, for det er ikkje berre å sende dei ut i verda, seier Ingunn Klepp.

 

meirindia525_1_1

Sosialfagstudentar med praksis i India hausten 2007. Frå venstre: lærar og praksisrettleiar Joselyn Lobo, Kristin Klever Aasgaard, Lise Katrin Vadset Tafjord, Hilde Myklebust, lærar ved Roshni, Tor-Johan Ekeland frå Institutt for sosialfag, rektor ved Roshni dr. Jacinta D`Souza, Silje Terese Heltne, Solveig Jakobsen, Iris Hellem og Anil Bahl frå Institutt for sosialfag.

Får prøve eigne grenser

Det er store utfordringar for studentane som reiser. Gjennom intervjuet ser ein at nokre studentar har bestemt seg på førehand at dei ynskjer praksis i utlandet. Dei alle fleste bestemmer dette 1. året, etter å ha snakka med andre studentar og fått informasjon om moglegheitene. For andre kan det vere ein lang prosess som må nøye planleggast.

- Studentane som reiser har ofte klare mål. Mange ynskjer erfaring med internasjonalt sosialarbeid og kjennskap til bistandsorganisasjonar. Denne praksisen gir ei spesiell innsikt og er ei viktig erfaring til vidare karriereval. Erfaringar frå utlandet er også viktig for sosialt arbeid i Noreg, spesielt med tanke på flyktningar og innvandrarar. På mange måtar får ein meir enn praksisen i Noreg, for ein får verkeleg prøve eigne grenser. Studentane må vere budd på ulike situasjonar, og det er viktig å vere tolererande, fleksibel, tolmodig, undrande, oppservant – ja, ein må stille spørsmål og bruke andre sansar, seier Ingunn Klepp. – Dette er viktig også i Noreg. Vi har eit mangfaldig samfunn med ulike kulturelle fenomen. Som sosialarbeidar arbeider ein med ulike individ og er sjølv ein viktig reiskap, det er derfor viktig å kjenne eigne grenser. Det er i møte med det som er annleis, at ein møter sitt eige, seier Ingunn Klepp.

For mange tek det litt tid å forstå sosialt arbeid i utlandet, men etter kvart oppdagar ein også korleis det er i Noreg. ”Kvifor gjer vi som vi gjer?”. Eit praksisopphald i utlandet stimulerar til observasjon,og nyttiggjering av teoretiske perspektiv til å forstå seg sjølv og omgjevnadene, og det får ein også bruk for her heime.

- Eg er ikkje i tvil om denne type praksis for studentar med rett innstilling, men ein har også stort utbytte av praksis her heime. Fleire seier at dei taklar ting dei ikkje hadde trudd og omvendt.Eg har aldri opplevd at ein student har angra. Det er utfordringar, men dei fleste gruer seg til å reise heim, avsluttar Ingunn Klepp, som sjølv skal ut i verda om nokre dagar.

Meir informasjon om sosialfagutdanningane finn du her: Barnevernspedagog/sosionom


Du søkjer på dette studiet via Samordna Opptak sine sider (elektronisk søknad), med søknadsfrist 15. april.

Her finn du artikkelen Spennande praksis i Kenya.

Del på