Seminar for studentar om eksamensstress

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

TID: 18.4 kl. 12.15 – 13.30.
STAD: Henrik Kaarstad-huset, rom 110.

Meistring av stress er ofte eit stor problem for mange før og under eksamen, og dette kan gå ut over prestasjonane.
- For at det ikkje skal verte for trongt på rom 110 er dette seminaret er først og fremst for studentar ved lærarutdanninga, men studentrådgjevaren lovar seminar også for studentar ved dei andre utdanningane.

- Forsking vise at mange oppleve studiane som ei stor belastning, og det viser seg at særleg kvinner er utsette. Når det nærmar seg eksamenstid vert dette stresset ikkje noko mindre.

Det er to mennesketypar som oftast vert råka av stress: "Slitaren" og "Den engasjerte".

- "Slitaren" er samvitsfull og les døgnet rundt, men vert aldri fornøgde. Ho/han har ei slags rigid, indre kvern som heile tida malar "eg må, eg må".

- "Den engasjerte" har ei meir positiv innstilling, men er eit ja-menneske som vil vere med på alt. Til slutt tåler ikkje kroppen meir.

- Å prestere i studiane, greie eksamen og samtidig vere sosial er ikkje enkelt, forklarer Høgalmen vidare.
Ein studentøkonomi som tynger på skuldrene og eit visst "fiktivt normpress" – tanken om at alle andre er flinkare og har meir kontroll enn ein sjølv - kjem på toppen av dette.

Ta gjerne kontakt med studentrådgjevaren om du ikkje har høve til å møta på dette seminare, eller om du har andre ting på hjertet.
 

 

 

hogalmen130Ann-Iren Høgalmen har kontor på Lettbygget, aust for Hans Strøm-huset sin utgang mot Berte Kanutte-huset.
Kontortid: Måndag, onsdag og torsdag kl. 09.00 - 15.00. 
Telefon: 70 07 51 88
Mobil: 992 37 980
E-post: aih@hivolda.no
Les meir på Studentsamskipnaden sine heimesider

 

 

 

Del på