Spenningskurs på Bjorli i helga - 400 deltakarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Spenningskurset er for mange høgdepunktet i året, og i år er det rekordstor deltaking! Mange deltakarar blir med år etter år og nye kjem til. Frå Høgskulen i Volda er kurset ein del av praksisen til studentar som går årseining i idrett, der dei faglege leiarane er Øyvind Hagen og Svein Arnesen. Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen og Møre Folkehøgskule.

På Spenningskuret frå ein delta på ulike vinteraktivitetar. Ein kan lære å stå på ski og blir instruert i ulike teknikkar og skiaktivitetar.

ski_stort

 

Bakgrunn

Prosjektet hadde i 1993 ein litt trong fødsel, men med velvilje frå Høgskulen i Volda, Vestnes Kommune, Møre Folkehøgskule og ISF-Møre og Romsdal fekk ein prosjektet på konstruktive skinner. Gjennom dette tiåret har det difor vore mykje god dugnadsånd og nokre motbakkar, men aller mest entusiasme, trivsel, oppleving og glede.

Du kan lese meir om spenningskurset her.

Del på