Suksessfulle Vinterleikar på Rokken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det vart seld om lag 2000 billettar fordelt på seks dagar førre veke. Surferosa står att som Vinterleikane sin største publikumsmagnet. Dei spelte fredagskveld for fullt hus, med heile 550 selde billettar. Gutane i Madcon gav to konsertar, med om lag 300 tilstades på begge. Ferrast møtte opp til det flamme- og energifylte showet til Ralph Myerz & the Jack Herren Band onsdag, då det kun vart seld 150 billettar.

ralfene2

                                                                                              Foto:  Mona Stensvold

- Me fekk servert studentane noko for einkvar smak i løpet av veka som gjekk, og er utruleg nøgde med utfallet, opplyser Anette Bergerud, nyvald leiar i Studentsamfunnet i Volda. Animal Alpha, Dr. Alban, Mattias Tellez og bergensgutane Kakkmaddafakka heldt og konsertar under Vinterleikane, og antalet publikum var på 200-300 under deira show. - Som arrangør ynskjer ein sjølvsagt helst fulle hus kvar dag, men det er slettes ikkje alltid realistisk, fortel Bergerud.

Tirsdag 12. februar vert det val av styre til VEKA 08 som for fyrste gong skal arrangerast på  haustparten  komande studieår. VEKA vert meir omfattande enn Vinterleikane, som vart arrangert istaden for VEKA denne våren.

Del på