Tidlegare dramastudent i filmen "Lange flate ballær 2"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

 . stort_1

Det har gått fort – og det vart ein skikkelig suksess, fortel Henrik Morken Nielsen (25). Han var ferdig med Årsstudium i drama ved Høgskulen i Volda i 2003, og sidan då har det gått slag i slag. No er oppfølgaren "Lange flate ballær 2" å sjå på kino frå 14. mars

Relevant utdanning
- Etter at eg tok drama i Volda har eg jobba både med Bjørn Fast Nagell og Harald Zwart – med pilot og reklamefilmar, og til slutt sjølve filmen, fortel han.
- Volda var ein veldig koselig og lærerikt, så det vil eg absolutt anbefale. – Der er gode lærarar og eit godt miljø – og det har vore med å gi meg eit godt grunnlag og god kunnskap.

- Det er gjerne gjennom å ha god, relevant utdanning ein vert trygg på seg sjølv som skodespelar, seier han.

Naturtalent
Lange Flate Ballær er ein varm og ujålete fotballkomedie om ein fargerik gjeng som frå kvardagslivet på bilsjappa som legg ut på den strabasiøse livsreisa - guteturen til VM i fotball, Tyskland 2006. Alle drøymer sjølvsagt om VM-gull til Noreg, men i Tyskland vert alt snudd på hovudet.
Voldastudenten Henrik Morken Nielsen spelar den lett hysteriske Helge, Edgar sin nevø, som aldri blir ein av "kællane" uansett kor hardt han prøvar. I den andre filmen har Helge eit hevnmotiv frå fyrste film, som han får muligheit til å sette ut i livet.

Allsidig skodespelar
- Det er moro å spele litt tulling, men eg ser meg sjølv i alle slags roller – eg likar alt frå elleville komediar til varme, gode historier. God krim er bra, legg Henrik til og oppfordrar unge skodespelarspirar til å satse og jobbe for det ein drøymer om.

- Har ein draumar må ein gå for det og ha tru på seg sjølv.
- Det er viktig med utdanning, og drama i Volda vil bety mykje for meg også framover. Ein får kanskje litt meir respekt og sjølvtillit av å vite at ein har ei konkret utdanning.

- For min del har eg alltid satsa på å verte skodespelar, og har alltid hatt lyst til det.
- Eg kom frå dramalinja på vidaregåande, som saman med dramastudiet i Volda er det ei god erfaring for dei som vil satse på for eksempel teaterhøgskulen. – Det skal eg gjere, avsluttar Henrik.

Les meir om Drama ved Høgskulen i Volda og studietilboda innan Musikk, kunst og handverkdrama og teater.  Les meir om filmen på heimesida deira.

Del på