Utdanning frå utlandet er gull verdt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Direktør Gunn Mangerud i SIU (Senter for internasjonalisering av høgre utdanning), skriv i eitt debattinnlegg i Bergens Tidende 21. august at utdanning frå utlandet er gull verd. Ho byggjer denne påstanden på ei undersøking som NIFU STEP (Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) kom med i sommar og som mellom anna konkluderer med at du har lite å tape, men alt å vinne på å ta utdanning i utlandet. Undersøkinga viser at dei som tek delar av utdanninga i utlandet er dei store vinnarane. Det tek i snitt to månadar for desse å få jobb og dei får høgare løn!

Internasjonal erfaring
Høgskulen i Volda er i tet imellom høgskulane i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogramma våre legg vi til rette for at studentane kan ta minimum eitt semester ved ein utanlandsk institusjon, som integrert del av graden i Volda. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein av partnarane våre. Per i dag har Høgskulen rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Vi legg også til rette for at så mange som råd kan få ta praksisopphald i utlandet, også dette som ein integrert del av utdanninga. Norsk arbeidsliv, både privat og offentleg sektor, treng medarbeidarar med internasjonal erfaring. Det blir lagt aukande vekt på at ein har gode språkkunnskapar, eit internasjonalt nettverk og forståing for andre kulturar.

Verda i Volda
Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som nett denne hausten. Dette er med å gjere Volda og Høgskulen til eit internasjonalt knutepunkt. Tek du ein tur gjennom Berte Kanutte-huset kan du ikkje la vere å legge merke til den internasjonale treffstaden "Pangaia".

-Verda er også i Volda, smiler ein glad leiar for internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen. Ho kan fortelje at brorparten av dei nye Erasmus-studentane (ca. 40 i talet) alt har vore på Rotsethornet og bada i Rotevatnet. På heimesidene til studentane finst allereie mange flotte bilete frå Volda!

IMG_0584_525_1

Nye internasjonale studentar samla i Pangaia ved studiestart.

Internasjonal dag 24. september.

Høgskulen arrangerer kvart semester internasjonal dag. Haustens internasjonale dag går av stabelen 24. september og hovudintensjonen er å inspirere Volda-studentar til å ta eitt semester eller meir i utlandet. Denne dagen vert det fargerike stands, informasjon frå Volda-studentar som har vore ute, gjestar frå partnaruniversitet, smakebitar på internasjonal mat og mykje meir. Internasjonal dag er ein del av Veka 2008.

 -

Internasjonalt kontor

Del på