Velferdsundersøkinga held fram: sei di meining!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ENGLISH TEXT (PDF-FILE)

 [Her finn du velferdsundersøkinga/The survey is available here]

- Eg såg eit behov for å setje velferd på plakaten, og håpar vi kan gjere det med denne undersøkinga, fortel Tine Grieg Viig.

Ho tok kontakt med Studentsamskipnaden for Sunnmøre, STiV og Høgskolen i Volda, og dei var positive til å bidra med spørsmål til undersøkinga.
Læringsmiljøutvalet, LMU, har lenge arbeidd med å skape eit positivt læringsmiljø for studentane, men har sakna ordentlege tilbakemeldingar frå studentane om kva problemstillingar dei møter i kvardagen.

- Det er vanskeleg å vita kva ende ein skal byrje i, når ein eigentlig ikkje veit så mykje om korleis studentane faktisk har det sjølve, seier Grieg Viig.

- Difor er det utruleg viktig at så mange studentar som mogleg tek del i undersøkinga, slik at vi kan lære meir om kva studentane ynskjer å forbetre med sin studiekvardag, både i sjølve undervisingssituasjonen og på fritida. Læringsmiljøet og velferdsomgrepet handlar om alle sider av det å vere student, ikkje bare når ein sit på førelesing.

TA DEL I UNDERSØKINGA
Velferdsundersøkinga startar i dag, og varer til og med fredag 18. januar. Skjemaet er på 4 sider og 20 spørsmål, og tek ikkje meir enn fem minutt å svare på. Ein kan få tak på skjemaet ved å kontakte STiV-kontoret ved biblioteket på høgskulen, eller din næraste STiV-representant. Du kan levere det ferdig utfylte skjemaet på same plass. 

Frå mandag finn ein også skjemaet på www.hivolda.no/velferd

- Dess fleire som svarar, dess betre utgangspunkt har Høgskulen, STiV, SfS og LMU til å arbeide målretta for å betre din studiekvardag, oppfordrar LMU-leiaren.

ENGLISH TEXT (PDF-FILE)
[Her finn du velferdsundersøkinga/The survey is available here]

Del på