Velkommen til nytt studieår!
I morgon er det offisiell studiestart kl. 12.00, der Rektor, tilsette og gamle studentar vil ønske nye studentar velkommen til Høgskulen og Volda. Etter opningsseremonien vil det vere avdelingsvise orienteringar og opning av fadderveka.
- Vi gler oss til å ta i mot dei nye studentane. Vi er i rute og har mykje spennande på programmet, seier leiar i STiV, Ole Martinus Breivik og fadderansvarleg, Jenny Ekrem Skjærseth.
Det er høg aktivitet på Høgskulen i desse dagar. Mange studentar er allereie på plass i Volda, for å orientere seg på campus og ordne diverse praktiske ting.
Gler seg til fadderveke og nye studentar
Leiaren for Studenttinget er å finne på kontoret i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Det er hektiske dagar, og han fram til å prate med medstudentar over ein kaffi på det nyoppussa kontoret.
- Eg gler meg veldig til å komme i gang. Det er kjekt, men det har vore mykje arbeid no fram mot studiestart. Det er givande å sjå resultatet - alle fadderane i aksjon og saker som vi i STIV hadde på agendaen i fjor. Det nytter å engasjere seg, seier Ole Martinus.
Leiar i Studenttinget, Ole Martinus Breivik og fadderansvarleg Jenny Ekrem Skjærseth
Også fadderansvarleg Jenny er på plass i Volda. Ho er oppteken med å instruere og organisere fadderane.
- Det går svært bra så lang. Det er mange som hjelper til og dei fleste av fadderane er på plass. I dag pakker vi fadderpakkar, deler ut t-skjorter og informerer. Kva som er i fadderpakken er ei overrasking til i morgon, smiler Jenny lurt.
Fadderane er godt i gang med organiseringa av årets fadderveke og gler seg til å treffe nye studentar.
Fadderveka har eit spennande program med aktivitetar som kan passe for dei fleste. Sjå heile fadderprogrammet her.
- Volda er ein utruleg kjekk plass å studere med mange hyggelege folk. Eg håper du finn deg til rette, og at fadderveka gir deg ein godt start. Møt opp og bli kjent, seier Jenny.
- Til alle studentar, gamle som nye, vil eg minne om at ein aldri er aleine i Volda. Om det skulle vere problem eller noko som er vanskeleg, er det alltid nokon å prate med anten det er fagleg tilsette, Sørvistorget, medstudentar, rådgjevar eller Studenttinget. I STiV er vi fem personar i styret og alltid ein på kontoret. Målet er å gjere kvardagen betre for alle!
Er du ny student bør du sjå etter Vegvisaren for nye studentar som ligg rundt om ¨på campus. Den gir deg informasjon over viktige tilbod og stadar på Høgskulen.
Sjå programmet for opningsseremonien og dei avdelingsvise orienteringane her.
Lykke til med studiestart og god fadderveke!