Vellukka Gründercamp for lærarstudentar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

c70b18572c5c53c0b4efd9773e49bb5facae6420
Rådgivar Sissel Tegelsrud Kolstad i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal (UE) takka alle medverkande i årets Gründercamp.

- Gründercamp er eit undervisingsprogram for ungdomsskulen, og det er viktig at lærarstudentane har kunnskap om denne metoden, fortel rådgivar Sissel Tegelsrud Kolstad.

Eit samarbeid mellom arrangørane Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), lærarutdanninga og FORNY-gruppa ved Høgskulen i Volda, har gjort undervisingsprogrammet ”Gründercamp” mogleg.

- Tiltaket gir oss også høve til å utvikle samarbeidet med regionalt næringsliv, seier høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord.

- Lærarstudentane frå Høgskulen i Volda er faktisk dei einaste i Noreg som får vere med på eit slikt program, poengterer Johann Wangen, studieleiar for lærarutdanninga. 

Ifølgje arrangørane sjølve er målet med Gründercamp at elevane på ungdomsskulen skal få best mogleg kunnskap om ulike yrke og utdanningsmoglegheiter, samstundes som dei gjennom denne type undervising får trening i det å vere kreative og nyskapande.

- Det er spesielt viktig for oss at elevane får innsikt i kva som går føre seg i ulike bedrifter i nærområdet. Særlig fordi det kan gi dei ein peikepinn på kva retning dei skal i etter ungdomsskulen, forklarar Kolstad. Ho trur at det kan vere vanskeleg for mange å vite kva som skjer i ei bedrift som til dømes Scana Volda AS.

- I samband med Gründercampen vil elevane i ungdomsskulen bli presenterte for kva yrkesmoglegheiter som finnast, der arbeidsoppgåver som kan verke appellerande på dei vert lagt fram. Forhåpentlegvis vil dette bidra til å hindre fråflytting frå bygd til by og fråfall frå vidaregåande utdanning, legg ho til.

Viktig lærdom
Oppdragsgivarane for årets Gründercamp er eit utval bedrifter i Volda og Ørsta-området. I forkant av undervisningsprogrammet fekk lærarstudentane foreslå bedrifter som dei synast verka interessante å arbeide i, og som dei kunne tenkje seg å lære meir om. Sissel Tegelsrud Kolstad i UE meiner det er svært positivt at lærarstudentane får prøvd seg i eit slikt undervisingsprogram, før dei sjølve skal fungere som lærarar. I ungdomsskulen er faget utdanningsval nytt ifrå 2009, og mange av studentane som er her vil kome til å undervise i dette faget. Til det vil kunnskapen dei får her ha stor nytteverdi, konstaterer ho.

af0681732d09013bfa6166c2f9c6a2a9df34efa3
F.v. Lærarstudentane Marit Gjertsen (Manndal), Håkon Høybakk (Giske), Jannicke Aurvåg (Hærøy), og Ane Marie Myklebust (Sandnes) syner fram sin modell av ein inngangsportal til Volda og Ørsta kommune

Varierte oppdrag
Totalt ti ulike verksemder bidrog som oppdragsgivarar for studentane. Ei av gruppene hadde Saferoad AS som oppdragsgivar, der dei fekk i oppgåve å utvikle ein reklameartikkel som representerer produkta til VIK Ørsta AS. Idémyldringa starta raskt etter at oppgåva var utdelt. På 24 timar skulle dei fem lærarstudentane i gruppa lage eit konsept ut i frå tipset: inngangsportalar til Volda og Ørsta kommune. Resultatet blei til slutt presentert for ein jury beståande av Kjersti Kleven frå Kleven Maritime AS, høgskuledirektør Jacob Kjøde og Therese Moe Øye som studerer Bachelor i planlegging og administrasjon på Høgskulen i Volda.

- For oss som ikkje er frå dette området og ikkje kjenner til verken VIK Ørsta AS eller Saferoad AS frå før, var dette ekstra utfordrande. Det er første gong vi er med på eit slikt opplegg, og vi forventar difor at vi får brukt kreativiteten vår og får lære noko om bedrifta, uttrykkjer ein av aktørane i Gründercampen Marit Gjertsen.

Ei anna gruppe skulle utvikle idear til gåveartiklar som representerar Høgskulen i Volda. Silje Ruud er ein av lærarstudentane som såg verdien av dette Gründercamp-programmet, og synest oppgåva dei fekk var spanande og krevjande på same tid.

- Eg synes vi har mange gode forslag. Vi skulle gjerne hatt meir tid, likevel er vi nok meir effektive når vi har så lita tid, stadfestar Ruud. Vi skal framføre dette for ein jury og vi er spente på korleis vi blir mottekne. Det sa også resten av gruppa hennar seg einige i.

908cdb603592c9f7ffc7e4248d370087815ee55b
F.v. Monica Grytten, Silje Ruud, Espen Viddal og Julianne Midtbø.
- Vi lærer jo av dette her, slår medlemane av gruppe 8 fast. Dei er alle 2-års-lærarstudentar.


Fekk godt utbytte
Studentgruppa med oppdrag frå Høgskulen i Volda var samde i at det har vore lærerikt og artig å arbeide på denne måten, men at dei enno ikkje føler seg klare til å gjennomføre eit slikt tiltak som lærar i ei ungdomsskuleklasse.

- Vi har det kjempegøy, men vi kunne fått endå betre læringsutbytte om vi også hadde blitt presentert for erfaringane til ein lærar som har prøvd Gründercamp i ei klasse, eller korleis elevane sjølv opplever det, foreslår Julianne Midtbø.

I ein diskusjon seg i mellom, kom gruppa fram til at Gründercampen har stort potensiale, både for elevane i ungdomsskulen og for seg sjølve som framtidige lærarar.

- Ein Gründercamp kan også vere ei utmerka moglegheit for elevar som ikkje er faglig sterke å få vise sine kreative og skapande sider, meiner Espen Viddal. Han kan sjølv tenke seg å arrangere Gründercamp når han er ferdig utdanna.

Vinnaren blir kåra
Studentane vart blant anna vurderte ut i frå kreativitet, nytenking, innovasjon, samt at konsepta er realistiske og mogleg å gjennomføre. Vinnargruppa fekk i oppdrag å marknadsføre ein ny spisebord-stol med regulerbar rygg frå Sandvik Møblar AS. Løysinga hadde ein humoristisk snert, som blei godt motteken av publikum. ”Give a touch to the future – SITaLONG time” reklamerte dei. Representanten frå Sandvik Møblar AS var svært nøgd med sluttproduktet og vil ta dette med i det vidare marknadsføringsarbeidet.

- Målet er prosessen til studentane og det er artig om det er nokre av sluttprodukta kan nyttast, men uansett har det vore kjekt og lærerikt, seier Kolstad. Ut i frå tidlegare erfaringar veit vi at Gründercamp-modellen fungerer godt, og det er absolutt noko samarbeidspartane Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda vil halde fram med å tilby studentane ved lærarutdanninga, smiler ho.

e70b61296eb59cf6f74a1f88b0ceb2d88dfa3ee2
(F.v) Vinnargruppa som reklamerte for den regulerbare stolen ”SITaLONG” besto av Øyvind Fagervoll Sortland, Ådne Brunstad og Ole Jonny Duestøl. Her får dei premie av høgskuledirektør Jacob Kjøde.

Del på