HIPP, HIPP, HURRA FOR IVAR AASEN!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9e9f77e29dd598ee805e0ee871762575ba752199
Jubilanten Ivar Aasen – teikna av Per Halse som tredjeklassing i 1967.

«Her er ein høvelag Kvilestad, / her ser du langt tilbaka. / Prøv no, um du kann vera glad, / og nokon Hugnad smaka. / Rekna no ut, kor lengje d’er / du heve voret paa Vegen, / sjaa, so, kor langt du komen er, / og kjenn, um du verder fegen».

Slik innleia Ivar Aasen eit langt dikt til førtiårsdagen sin. Han sette høge krav til seg sjølv, og han var ikkje nøgd med måten han hadde utnytta fyrste halvdelen av livet på: «Endaa er du’kje vorden Mann, / endaa gjeng du i Læra, / endaa vel knapt du tala kann / og liva med Folk med Æra».

Det såraste var nok saknet av ein eigen heim og ei kjærleg kvinne ved sida si: «Kvar er dan vene Drosi væl, / som skulde med deg røda, / gjera deg alltid glad og sæl / og søta deg all di Møda?» Men korkje saknaden, alle plagene og sykjene han kjende på, heller ikkje dei mange tiggarane på døra eller anna uro i byen der han opplevde seg «heimlaus, frendelaus og litet kjend»; inkje av dette hindra Ivar i å gjere eit storverk for landet og folket sitt.

På 200-års-dagen er det grunn for oss til å stanse opp og sjå attende på livsverket åt gardbrukarsonen frå Hovdebygda. Det gjev verkeleg grunn til jublande feiring. Då Aasen runda førti i 1853 hadde han lagt grunnlaget for det nynorske skriftspråket med fyrsteutgåvene av grammatikk og ordbok, og han hadde nettopp fått ut Prøver af Landsmaalet i Norge som var den aller fyrste boka på nynorsk.

Etter «førtiårskrisa» fekk han mange gode arbeidsår med vidare innsamling, systematisk dokumentasjon og førebiletleg bruk av det norske språket. Mange av Aasen-dikta vart raskt folkekjære songar som er velkjende den dag i dag. Samstundes brukte han mykje av tida si på rettleiing av andre som tidleg tok landsmålet i bruk.

Såleis var han gjennom 1880-åra aktivt med i gruppa som fekk omsett heile Nytestamentet til nynorsk. Det var viktig for Ivar Aasen at det nye bibelspråket «kunde gives i en værdig og velklingende Stiil og ikke lempes for meget efter en skjødesløs og forfusket Hverdagstale». Arbeidet med religiøse og andre klassiske tekster var med og gjorde det som hadde vore «Almuesproget» til eit respektert kulturspråk.

Arven etter Ivar Aasen er viktig for Høgskulen i Volda. Me er glade for det gode granneskapet med Aasen-tunet og samarbeidet med Nynorsk kultursentrum. Samstundes er me stolte over å ha vårt eige Ivar Aasen-institutt med forskingssenteret for skriftkultur – og for vertskapsrolla høgskulen har for Utdanningsdirektoratet sitt nasjonale senter for nynorsk i opplæringa.

I Ivar Aasen-tunet vert jubilanten feira frå 1. til 5. august, og eg oppmodar alle som har høve til å få med seg eitt eller fleire av arrangementa. På sjølve fødselsdagen vert det m.a. servert 200-års-kake, og på kvelden er det festmøte med forfattaren Maria Parr som programleiar og kulturminister Hadia Tajik som hovudtalar.

Gratulerer så mykje med dagen, Ivar! Du gav oss ein arv som er større enn mange vil tru!

Med vyrdsam helsing,

Per Halse, rektor.

Sjå også kronikk i Sunnmørsposten. 

Del på