Student til hausten? No kan du registrere deg!

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Gler du deg til studiestart? Start allereie no med å registrere deg! Det kan du gjere frå 1. august til 1. september. 

Kvart semester må alle studentar registrere seg. Dette gjeld både nye studentar, og dei som allereie er i eit studieløp. For deg som ny student handlar det om å få tilgang til undervisningssystema, e-post og liknande, i tillegg til at registreringa generer giro for betaling av semesteravgift. 

Registrering på 1-2-3 finn du her!

Er du i eit studieløp? Då har du kanskje allereie registrert deg og generert giro for semesteravgift i samband med Undervisningsopptaket som vart gjennomført i månadsskiftet april/mai. Sjekk gjerne oppmeldingane dine og registrer eventuell oppdatering av semesteradressa di i Studentweb. Har du ikkje registrert deg i Undervisningsopptaket har du sjølvsagt høve til å gjere dette i perioden 1.8.-1.9., men då med mogleg færre valemne.

Studentsørvis kan hjelpe deg

Meir informasjon om registrering og anna nyttig studiestart-informasjon finn du på studiestartportalen. Og hugs at dei kjekke tilsette på Studentsørvis kan hjelpe deg om det er noko du lurer på eller ikkje får til: studentsorvis@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18.


Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til Høgskulen i Volda! 

Del på