Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Høgskulen som arrangør for Språkpakken i Molde

    Publisert

    Måndag og tysdag har Høgskulen i Volda samla pedagogar og helsesøstre frå heile fylket til ei ny storsamling på Hotell Alexandra i Molde. Over to hundre deltakarar som til dagleg jobbar med barn og unge frå barnehagar, grunnskule og vidaregåande skule har i to hektiske dagar fått innføring i ulike typer observasjons- og kartleggingsmateriell. Målet er å kunne gi betre tilbod om tilpassa opplæring for elevar som strever med språk og lesing.

  • Høgskulekoret: 100 år med Broadway

    Publisert

    Komande tysdag og onsdag er klart for Høgskulekoret sin årlege vårkonsert. Tradisjon tru er det dei lettare sjangrane som står på programmet på denne tid av året. Denne gongen har ein teke utgangspunkt i ulike Broadway-show og sett saman programmet som ei reise i frå først på 1900-talet og fram til i dag.

  • Open scene: Korleis blir ein kulturproduksjon til?

    Publisert

    Denne veka er det stor aktivitet i Henrik Kaarstad-huset. Ein fotgraf, ein 3D-artist, ein instuktør, ein komponist, ein scenograf og fleire forfattarar, musikarar og skodespelarar er samla om eit felles mål: Å lage gode kulturproduksjonar til bruk i skulen. Høgskulen i Volda arrangerer for fjerde år på rad Prøvekluten, ein lekk i satsinga på Senter for kulturproduksjon og kulturformidling. Onsdag inviterte kunstnarane open scene, der publikum fekk eit unikt høve til sjå korleis ein kulturproduksjon blir til.

  • Musikalen ”Paradiset”

    Publisert

    Musikalen "Paradiset" som markerer starten på Volda kyrkje sitt 75-årsjubileum, må kunne kallast eit nyskapande kulturprosjekt for og med barn. Tekst og musikk er skrive spesielt for dette høvet, og musikalen vert gjennomført som eit nært samarbeid mellom kyrkja, fleire barneskular, Volda korskule og Høgskulen i Volda ved musikkstudentar (band), MID-studentar (film) og tilsette.

  • Seminar for studentar om eksamensstress

    Publisert

    I morgon, onsdag 18. april, kl 12.15 inviterer studentrådgjevaren ved Høgskulen i Volda, Ann-Iren Høgalmen og PPU-tillitsvalt, Henning Frode Dispen studentar til seminar om eksamensstressmeistring.

  • Afrika i media

    Publisert

    Anna Phiri, redaktør og journalist fra Zambia holder foredrag på Aasen-auditoriet torsdag kl. 12.00 Hun vil snakke om det unyanserte bilde av Afrika som blir formidlet gjennom media og akademia. Anna kommer i forbindelse med SAIHs kampanjeuke ”Afrika nå: En sak har alltid flere sider”. Alle studenter og ansatte er velkomne.

  • Konferanse om rom for lesing og skriving på nynorsk

    Publisert

    Fredag 23. mars samlar kring hundre deltakarar seg på Høgskulen i Volda til konferansen "Rom for lesing og skriving på nynorsk". Konferansen vert skipa til av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), og kan skilte med namn som professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Per Olav Kaldestad og Maria Parr.

  • På rett veg med Kunnskapsløftet?

    Publisert

    Konferansa, På rett veg?, omhandlar sentrale emne i Kunnskapsløftet, som skulelleiing, tilpassa opplæring og elevevaluering, og er retta mot skuleeigarar, skuleleiarar og PP-leiarar, organisasjonar, fylkesmenn, departementet og tilsette ved universitet og høgskular. Mykje tyder på at mange vil finne vegen til Alexandra den 10. og 11. mai for å bli oppdatert i desse emna.

  • Foredrag om selvmord blant unge

    Publisert

    FO-studentene ved Institutt for sosialfag inviterer til foredrag om selvmord blant unge 13. mars kl. 12.15. Foredragsholder er forsker og sosiolog Kari Dyregrov. Sted: Strøm-aud.