Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • ADHD - foreininga held kurs ved Høgskulen

    Publisert

    Tysdag 13. mars 07 held ADHD - foreininga førelseing for førskulelærarstudentane, praksisbarnehagane og faglærarane ved høgskulen i Volda. Førelesinga finn stad på Store auditorium på Berthe Kanutte-huset neste tysdag kl.09.15 - 16.00.

  • Flott start for Språkpakken

    Publisert

    Rundt 230 helsesøstre, pp-rådgjevarar, lærarar, førskuletilsette og spesialpedagogar var samla i Molde den 28. februar for første samling i femdagarskurset Språkpakken. -Vi er overvelda over god respons, seier fagansvarleg Irene Bele. -Dette syner at det er stort behov for kunnskap om verktøy for kartlegging av språkutvikling hjå barn og unge.

  • Ivar Aasen-instituttet markerer Kvinnedagen torsdag 8. mars

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet markerer Kvinnedagen torsdag 8. mars med eit arrangement kl. 12.00 - 13.00 i store auditorium Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. På programmet står mellom anna redaktør i Syn og Segn, Bente Riise, med innlegg for dagen.

  • Oppfølgingsseminar NOKUT-evalueringa av allmennlærarutdanninga

    Publisert

    Tysdag 27. februar skipar Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning, i samarbeid med Utdanningsforbundet Møre og Romsdal fagforumdag. Per Ramberg, sentral i NOKUT-evalueringa og leiar for NTNU sitt lærarutdanningsprogram, vil innleia om sentrale funn og utfordringar lærarutdanninga står framfor.
    Fagforum er på Vesle auditorium, BK, 12 – 15 og er ope for alle som har interesse for lærarutdanningane.

  • Gjesteforelesning med ekspert i krigsjournalistikk

    Publisert

    Professor Rune Ottosen fra Journalistutdanningen ved Høgskolen i Oslo er en av Norges fremste eksperter på krigsjournalistikk, og holder gjesteforelesninger med temaer som ”norsk utenriksjournalistikk” og ”mediestrategienes plass i moderne krigføring” ved Avdeling for mediefag 21. feb.

  • Voldadelegatar til studentlandsmøtet på Hamar

    Publisert

    Studentenes Landsforbund (StL) har landsmøte på Hamar 13. til 15. april. Høgskulen i Volda får sende fire delegatar til møtet. Desse vert valde på studenttingsmøtet 27. februar.

  • Fagdag ved informasjonsutdanninga

    Publisert

    I dag, torsdag, arrangerer informasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda fagdag for alle informasjonsstudentane og dei fagtilsette. - Mellom gjestane er tidlegare student ved Høgskulen, Thomas Skjennald frå Norsk kommunikasjonsforening.

  • Høgskulen i Volda er arrangør for Språkpakken 2007

    Publisert

    Høgskulen i Volda har fått ansvaret for gjennomføring av eit nytt kursopplegg i Språkpakken - eit kompetansehevingsprogram innan Kunnskapsløftet om språkutvikling og språkvanskar hos barn og unge. Førsteamanuensis Irene Bele er fagleg ansvaleg. Første kursdag, av i alt fem, vil finne stad i Molde den 28 februar.

  • Konferanse om rom for lesing og skriving på nynorsk

    Publisert

    Fredag 23. mars 2007 skipar Nynorsksenteret til konferansen Rom for lesing og skriving på nynorsk. Konferansen kan skilte med namn som professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Per Olav Kaldestad og Maria Parr. Kvelden før, torsdag 22. mars, vert det kulturkveld.