Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Beatles og animasjonsweekend

    Publisert

    Både Beatles-fans og alle som likar god animasjonsfilm har grunn til å setje kryss ved laurdag 17. september. Høgskulen i Volda ved Avdeling for mediefag, Volda filmteater og studenthuset Rokken vil nemleg arrangere ein mini animasjonsfilmfestival der vising av den grensesprengande Yellow Submarine er eitt av høgdepunkta. - Til festivalen kjem også Bob Balser og John Coates som er to av dei mest sentrale personane bak filmen, seier førsteamanuensis Gunnar Strøm.


  • Salmeseminar, jazzmesse og salmemesse

    Publisert

    Laurdag 10. september vert det arrangert salmeseminar ved Høgskulen i Volda. I samarbeid med Y’s Men Ørsta/Volda, Ørsta kyrkjelyd og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. I tillegg vert det jazzmesse etter Olaf Hillestad i Ørsta kyrkje fredag og samlemesse i Volda kyrkje søndagen.

  • Liten, eg? Barnehagekonferansen 2005 i Molde

    Publisert

    Temaet for konferansen i år er likestilling og likeverd i barnehagen. Dette er eit sentralt satsingsområde innan barnehagesektoren både på nasjonalt- og fylkesnivå. - Eg har god tru på at temaet vil slå godt an i målgruppa for konferansen, seier medarrangør Britt Loven Ølnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

  • Prøvekluten 2005 vel i hamn

    Publisert

    Etter fjorten dagar med hektisk aktivitet er Prøvekluten 2005 no avslutta. Verkstaddeltakarar, kunstnarar og kulturtilsette har reist kvar til sitt. -Dette har vore både utfordrande utviklande og spanande, seier Signe Valsø ved Kontoret for etter- og vidareutdanning.

  • Prøvekluten 2005

    Publisert

    Kunstnarar og verkstaddeltakarar er i full gang med Prøvekluten 2005. Og i desse dagar er det Volda som er kulturhovudstad!

  • Helse Midt-Noreg og Høgskulen i Volda i konferansesamarbeid

    Publisert

    -Vi er svært glade for samarbeidet med Helse Midt-Noreg ved Kompetanssenteret for pasientinformasjon og pasientopplæring (KPI) og gler oss til å avvikle denne OPP!-konferansen saman med dei seier Signe Valsø, leiar for Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) ved Høgskulen i Volda.

  • Gjesteførelesing og samarbeid med Tokyo University for Foreign Studies

    Publisert

    Onsdag 20. april held Peri Bhaskararao frå Tokyo University for Foreign Studies gjesteførelesing ved Høgskulen i Volda om minoritetsspråk og spesielt arbeidet med det sørindiske Toda språket. Tittelen på førelesinga er Phonetic complexity and orthography issues of Toda language.